
Innleveringsfristen for sommarens lesekonkurranse er 1. september!
Av David, 26.08.2010

- For å vere med i premieutdelinga er det viktig at du leverer inn ditt Bokpass seinast 1. september.
Alle som gjekk i 1. til 7. klasse i juni i år kan vere med i konkurransen. Du må skrive opp 10 bøker du har lese i sommar i eit Bokpass, som du får ved eit bibliotek i kommunen. Passet kan også lastast ned frå: http://www.haram.folkebibl.no/bokpass.pdf Der er premiar lokalt og i fylket å vinne, m.a. ein 16 gb iPod nano (bildet), boksjekkar og sportsantrekk. Bokpasset må leverast inn til biblioteket seinast 1. september!
Vi har laga ein internasjonal seksjon
Av David, 23.08.2010

- Brukarar treng ikkje leite i små bakgrunn etter lesestoff lenge
Biblioteket har for kr. 230, gjenbruk av materiell og litt handverksarbeid laga ein internasjonal seksjon i Brattvåg. Inntil no har språkstudentar og utlendingar måtte leite etter bøker i små samlingar i bakrom saman med personalet. No kan dei finne bøkene sjølv. 20 % av desse er donerte og alle er relativt ferske. Engelsk, med seksjonar i Brattvåg, på Vatne og på Haramsøy er klart det mest etterspurt språk, men i sommar så vi ein auke i lån på russisk, polsk og arabisk. I tillegg til lokale brukarar, får vi bestillingar frå andre bibliotek i landet på desse språka.
Skriveverkstad fredag den 13. i Brattvåg
Av David, 08.08.2010

- Førstkomande fredag arrangerer biblioteket skriveverkstad for barn og ungdom
Vi inviterer skrivelystne barn og ungdom mellom 12 og 17 år til ein skriveverkstad ved biblioteket i Brattvåg kl. 15.00 førstkomande fredag den 13. Det er Hilde Myklebust (31) frå Vanylven som skal halde verkstaden, og ho har sjølv vore elev ved Skrivekunst-Akademiet i Hordaland, i tillegg til å ha studert litteratur og teater. Viss dette er noko for deg, må du melde deg på innan kl. 17.00 torsdag den 12. ved å ta kontakt med biblioteket.
Vinn noko spennande med oss i sommar!
Av David, 06.07.2010

- I sommar kan du lese nokre bøker og vinne noko spennande hos biblioteket.
I sommar kan du få eit bokpass frå biblioteket, eller laste den ned. Skriv inn 10 bøker du har lest gjennom sommaren og du er med i ei loddtrekking. Slik risikerer du å vinne ein iPod, Devold sportsteskjorter eller boksjekkar. Konkurransen er open for alle som kom heilskinna gjennom 1.-7. klasse i juni. Leveringsfristen er 1. september, så vi kjem til å minne om konkurransen i august. Last ned bokpasset på http://www.haram.folkebibl.no/html/bokpass.pdf
Sommartid i biblioteket
Av David, 14.06.2010

- Sommaren er like rundt hjørnet!
Avdelingane i Søvik og på Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft held ope ut denne veke før dei stenger for sommaren. Vatne filial held ope fram til 13. juli, medan biblioteket i Brattvåg er ope heile sommaren, men stenger kl. 18.00 i staden for kl. 20.00 når fellesferien tilspisser seg mellom 19. og 31. juli. Ta gjerne kontakt med ei anna avdeling når avdelinga di er stengt, så skal vi prøve å hjelpe deg. Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god sommar!!
- Vi håper å få til eit bibliotek i særklasse på Haramsøy i år!
Av David, 24.05.10

Gjennom ei totalfornying av inventar, kursing og profilering håper vi å få til eit bibliotek i særklasse på Haramsøy. Vi har søkt fylkeskommunen om inntil kr. 50 000 til dette, og Haram formannskap er villig til å løve ein sum lik den fylket innvilger. I følgje bibliotekplanen var det Haramsøy som stod for tur å få ei satsing innvendig. Men vi konkurrerer med nokre andre kommunar om prosjektet, noko som sørger for ei spennande tid framover.
Fin utvikling i 2010
Av David, 05.04.2010

- Første kvartal 2010 så biblioteket opplever ein 9,8 % auke i utlån, samanlikna med 1. kvartal 2009.
Ein auke på 9,8 % er meir enn vi hadde rekna med, og ga 11656 utlån (lån til skular, barnehagar og institusjonar kjem i tillegg). Aktiviserte lånekort gjekk opp med 5,6 % til 1242, med 1652 sluttbrukrarar 1. kvartal. Spesielt gledeleg og nødvendig er det at avdelinga i Søvik går betre no. På Haramsøy er der også ei bra utvikling.
Opningstider i påske
Av David, 28.03.10

- I påskeveka er Vatne filial ope kl. 17 til kl. 20. tysdag 30. mars. Hovedbiblioteket i Brattvåg er ope mandag 29. mars kl. 15 til kl. 20, tysdag 30. mars kl. 12 til kl. 15 og laurdag 3. april kl. 11 til kl. 14.
Etter påska opnar alle avdelingane frå og med tysdag 6. april
Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god påske!!
Biblioteket på Facebook
Av David, 18.03.10
- Etter sju veker på Facebook har biblioteket fått 315 venar!
Biblioteket har funne ut at Facebook er eit greit verktøy for å informere om seg sjølv. Ei vanleg nettside har blitt ein stad med formell informasjon som brukarar må oppsøkje for å finne svaret på noko dei lurer på, i konkurranse med alle andre nettsider og alt annet ein lurer på. Gjennom Facebook kan ein informere dei som ønskjer det om nyhender akkurat når det gjeld, samt gi eit meir balansert bilete av kva ein gjer og har å tilby, med mulegheiter for tilbakemeldingar, bestillingar m.m.
Vi startar heklekurs
Av David, 14.02.10

- 3. mars startar vi opp eit heklekurs ved biblioteket på Vatne.
Hekling har blitt populært igjen og heklekurs startar opp mange plassar. På Vatne startar vi kurs på biblioteket frå 3. mars, med påmelding innan 1. mars. Ansvarleg for kurset er Margun Sæter ved Trådsnella og kurset kostar kr. 300. Trådsnella held til i det same lokalet som biblioteket, så bøker med tips, stoff og utstyret du treng er ikkje langt unna.
Lesesirkel på Vatne
Av David, 14.02.10

- Etter oppstarten av ein lesesirkel i Brattvåg i februar, har vi håp om å gjere det same på Vatne i mars.
I januar inviterte vi gjennom lokalavisa til ein inspirasjonskveld på Kulturkaféen i Brattvåg. Dei fleste deltakarar var frå Brattvåg og Hildre. Nokre var også frå Vatne og desse vil gjerne ha ei gruppe der. Ta kontakt med biblioteket om dette er noko for deg.
Biblioteket i Brattvåg opent til kl. 14.00 på laurdagar
Av David, 09.02.10

- Biblioteket i Brattvåg stenger no kl. 14.00 i staden for kl. 13.30.
I 2009 begynte apoteket å stenge kl. 14.00, og dette er også når Vinmonopolet stenger. Då blir det lettare for folk flest om biblioteket også stenger kl. 14.00. Det er i tillegg mellom kl. 12.00 og kl. 14.00 at omsetninga i senteret er på topp på laurdagar.
Ny utlånsrekord på Vatne i 2009!
Av David, 19.01.10
- Det blei lånt ut 47 682 bøker og andre media i Haram folkebibliotek i 2009, ein auke på 1.7 % i forhold til 2008. Vatne filial satt ein oppmuntrande ny utlånsrekord.
Elles gjekk utlånet opp ved hovedbiblioteket i Brattvåg og ved Lepsøy filial. Dei andre avdelingane opplevde ein nedgang.
Nokre utlånstendensar elles: Bøker for voksne: + 6,2 % til 23694 Bøker for barn og ungdom: - 8.5 % til 10718 Filmar for voksne: - 0,1 % til 5739 Filmar for barn: - 11.8 % til 2664 Musikk: + 28,1 % til 882 Lydbøker for voksne: + 28,2 % til 1992 Lydbøker for barn og ungdom: + 10,2 % til 1409
Invitasjon til inspirasjonskveld
Av David, 29.12.09

- Interessert i gode bøker og ønskjer tips og inspirasjon?
Då er du invitrert til ein inspirasjonskveld på Kulturkaféen i Brattvåg onsdag 6. januar kl. 18.00. Vi har bestilt eit opplegg frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek, og vil få gode lesetips, forslag i samband med etablering av lesesirklar og hjelp til dei i ein lesesirkel som treng inspirasjon. Kaffi og litt å spise blir det også. Vel møtt!
Opningstidene i jula
Av David, 11.12.09
tys. 22. desember : 12:00-15:00
ons. 23. desember : 12:00-15:00
man. 28. desember : 15:00-18:00
tys. 29. desember : 12:00-15:00
ons. 30. desember : 12:00-15:00
laur. 2. januar : 11:00-14:00
Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: tors. 17. des. (Lepsøy, Fjørtoft, Longva), fre. 18. des. (Haramsøy), man. 21. des. (Søvik), tys. 22. des. (Vatne).
Etter jula opnar avdelingane laur. 2. jan. (Vatne), man. 4. jan. (Søvik), tys. 5. jan. (Longva, Haramsøy), tors. 7. jan. (Lepsøy, Fjørtoft).
Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!
Vil du prøve ein eboklesar?
Av David, 14.11.09

- Viss du vil prøve ut elektroniske bøker, kan du låne både lesaren og bøkene i biblioteket.
Biblioteket har kjøpt inn to eboklesarar, eller lesebrett. Vi ønskjer å få tilbakemeldingar frå brukarar om korleis ein opplever å 'lese elektronisk'. Begge lesarar har fire bøker i første omgang. Tilgangen på titlar på norsk er ikkje så stor, men vi kan prøve å finne bestemte titlar som bibliotekbrukarar måtte ønskje. Når ein er ferdig med lesaren, vil vi gjerne at brukaren skal svare på nokre spørsmål.
Vil du vere med i ein lesesirkel?
Av David, 14.11.09

- Biblioteket er interessert i å kome i kontakt med personar som vil vere med i ein lesesirkel. Er du interessert, er det berre å ta kontakt!
Å lese ei bok er noko ein gjer aleine, men det fører ofte til at ein vil snakke om leseopplevinga. Biblioteket kan få hjelp frå Møre og Romsdal fylkesbibliotek med å starte opp ein lesesirkel, der ein kan snakke om felles leseopplevingar.
Taremarebystemning
Av David, 13.11.09

- Det er Taremarebystemning så å seie overalt!
Det er for tida vanskeleg å unngå Taremarebysteminga i Haram. Taremarivalen blei opna tysdag av Torgunn Nerland, leiar i Fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal. Same dag blei den nye utgåva av Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik lagt ut for sal etter ei lansering på Ingebrigt Davik-huset. Skular og barnehagar har lagt ned mykje arbeid i utstillingar og det blir mykje aktivitet knytta til og rundt teaterforestillinga i helga. På veg til ein programpost kom ei gruppe frå Utigarden barnehage på Slyngstad på besøk, for å kikke på Ingebrigt Davik-hjørnet i biblioteket.
Det hende i Taremareby kjem i ny utgåve!
Av David, 30.09.09

- Etter mange års tautrekking med Det Norske Samlaget skal Bok og Papir i Brattvåg stå for ei ny utgjeving av Det hende i Taremareby av Ingebrigt Davik i 2000 eksemplar. Eit sikringseksemplar av boka frå biblioteket skjærast opp av Hatlehols Trykkeri, som står for trykkinga.
Den mykje etterspurde Det hende i Taremareby kom ut i 1960 hos Noregs boklag. Forteljinga om livet under havet er tidløs, og for foreldre og besteforeldre som les for barna ein bru mellom generasjonane. Det er Bokklubbens barn si utgåve frå 1979, som er i fargar og i ei noko nyare språkdrakt, som kjem på nytt tredve år seinare. Det Norske Samlaget har brukt mange år å vurdere om dei vil utgi boka på nytt eller la lokale aktørar i Haram gjere det. No har dei endeleg kasta korta. 2000 eksemplar er eit ikkje ubetydeleg opplag for ei barnebok sett i forhold til tilsvarande opplagstal i Det Norske Samlaget.
Turistprosjektet på Fjørtofta, det nye Ingebrigt Davik-huset og Teatret Vårt sitt planlagte oppsett den 12. november (som også er utgjevingsdatoen) har bidrege til at saka har måtte få ei endeleg avgjerd hos Det Norske Samlaget. Bok og Papir og Haram folkebibliotek har forsøkt å få ei avklaring i mange år. Enka etter forfattaren er begeistra for at boka kjem ut på nytt.
Tilbod til sesongarbeidarar og innvandrarar frå Polen
Av David, 01.09.09

- Biblioteket henger no opp ein plakat på polsk som informerer om kva ein kan tilby sesongarbeidarar og innvandrarar og deira familiar frå Polen.
Biblioteket har forstått at ein må ha eit tilbod som i større grad står i forhold til innsatsen til desse gruppene i lokalsamfunnet. Fleire bedrifter er avhengig av denne arbeidsinnsats, og kommunale tenester som biblioteket er avhengig av skatteinntektene som kjem frå eit fungerande næringsliv. Det er i tillegg ein etterspurnad frå skulane.
Sjølv om biblioteket ikkje er forplikta til å yte tenester til dei som ikkje bur i Noreg, har ein alltid stilt dei som har faste samband med Haram på linje med andre. Ein har i tillegg gode røysler med lån av materiell til polakkar. Bøkene blir ofte lånt ut og ikkje noko har gått tapt. Faktisk har denne gruppe donert fire bøker og gitt kaffi, øl og sjokolade til personalet!
Overrekking av Sommarles-premie
Av David, 01.09.09

- Premievinnarar frå Haram som vann under konkurransen Sommarles 08 fekk eit år på seg å finne fram til kva dei vil velje av kulturelle premiar. For Solveig Slyngstadli sin del blei det ei lite samling musikkalbum og filmar.
Deltakarane i lesekonkurransen Sommarles kunne vinne premiar både ved loddtrekking og ved å lese mykje. Deltakarane frå seks kommunar var delt opp i åtte divisjonar under konkurransen, alt etter kor mykje dei las. Solveig vann den lokale premien ved loddtrekking rett etter konkurransen blei avslutta, og endte i 7. divisjonen.
Meir aktuelt å bruke biblioteket om sommaren
Av David, 11.08.09

- I løpet av dei siste seks åra har ein sett ein kraftig vekst på 72 % i utlånet i juli månad. 2524 utlån i 2009 var ein rekord.
Medan andre månadar ikkje viser noko særleg endring, er låneaktiviteten om sommaren stadig aukande. Vatne filial har ope fram til ca. 10 juli og hovedbiblioteket held ope heile sommaren. Den positive tendensen er å spore ved begge avdelingane og aktiviteten i Brattvåg er nesten på nivå med andre månadar i det lysare halvåret.
Ein begynte med å halde ope heile sommaren i Brattvåg i 1990, og sidan 2003 har ein hatt normale opningstider også i fellesferien. I perioden 2006-2008 har ein arrangert lesekonkurranse om sommaren, men vi kan ikkje sjå at dette forklarer auken. Ein årsak kan vere at fleire deler opp ferien gjennom året enn før. Lokalsamfunnet har elles innslag av nasjonalitetar som ikkje er vande med sommarstenging og fellesferie. Bokhandlarane har notert seg auka boksal denne sommaren.
Biblioteket om sommaren
Av David, 30.05.09

- Hovedbiblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren med vanlege opningstider. Dei andre avdelingane kjem til å stenge slik:
Vatne filial : siste dag ope fredag 10. juli. Opnar opp att fredag 7. august.
Søvik : siste dag ope mandag 22. juni. Opnar opp att mandag 24. august.
Haramsøy : siste dag ope fredag 19. juni. Opnar opp att fredag 21. august.
Longva : siste dag ope tysdag 23. juni (stengt 18. juni). Opnar opp att torsdag 20. august.
Lepsøy : siste dag ope mandag 15. juni. Opnar opp att torsdag 20. august.
Fjørtoft : siste dag ope torsdag 18. juni. Opnar opp att torsdag 20. august.
Vi ønskjer brukarane våre ein god sommar og mange hyggelege leseopplevingar!
Digitalt fotokurs på biblioteket
Av David, 05.05.09

- Fredag 8. mai vert det arrangert digitalt fotokurs ved Haram folkebibliotek, Brattvåg mellom kl. 16.00 og kl. 18.00
Kurset er ein del av eit Multimediakurs med Oasen Studio i Kristiansund, som varer frå 8. til 9. mai i Brattvåg. Skulen, barnehagen, og UFO i ungdomsarenaen er også med i kurspakken, etter eit initiativ av Haram Frivillegsentral.
Under desse dagane vil ein kunne lære meir om utstyret mange av oss har, men treng meir kunnskap om å bruke. Ein ønskjer absolutt alle velkomne til Digitalt fotokurs ved biblioteket kl. 16.00 no fredag.
Formørkelse 30. april
Av David, 08.03.09

- Torsdag 30. april kjem den 3. boka i vampyrserien for ungdom av Stephenie Meyer, som heiter Formørkelsen
Bøkene om Edward og Bella har solgte i 35 millionar eksemplar i verda, og vi merkar nok den spesielle interessa også her. I den første boka Evighetens kyss utviklar det seg ein mystisk kjærleik mellom den levande Bella og den udaude Edward på ein vidaregånde skule i det nord-vestlege USA. Dette medfører ei rekke farer for Isabella, som berre overnaturlege evner kan redde henne frå.
Interessa for desse bøkene er ein del av ei ny bølgje av forteljingar om vampyrar som vi fortel meir om her. Det gjenstår å sjå om bølgja av "bit-lit" vil danke ut "chick-lit". Biblioteket har heile serien på engelsk og polsk.
2008 var eit godt år
Av David, 03.03.2009
- 2008 var eit spesielt år for biblioteket. Tre avdelingar fekk delvis nytt miljø, nye aktivitetar vart utprøvde, det vart eit hyggeleg samarbeid med frivillegsentralen, profileringstiltak blei gjonnomført, Vatne filial nådde ny utlånsrekord og biblioteket vann Møre og Romsdal sin bibliotekpris.
Ein har plukka ut ein del tradisjonelle statistikkmålingar og gitt inntil fem pilar for å markere utviklingsgrad:
| Utlån totalt: | ![]() |
| Fysiske besøk: | ![]() |
| Nettbesøk: | ![]() |
![]() |
| Utlån bøker for voksne: | ![]() |
| Utlån barne- og ungdomsbøker: | ![]() |
| Utlån lydbøker: | ![]() |
![]() |
![]() |
| Utlån musikk: | ![]() |
![]() |
| Utlån til skular/barnehagar: | ![]() |
![]() |
![]() |
Auka etterspørsel etter lydbøker i 2008 er i tråd med det mange bibliotek erfarer. Heile 25 % av lydbokutlånet var imidlertid til barn og ungdom på Vatne. Filmutlånet var som i 2007. Ein har satsa på musikkinnspelingar i form av nye artistar som har fått gode omtaler i media, sjølv om ikkje alle er så kjende for dei fleste. Musikkutvalet i handelen i nærmiljøet er avgrensa, og blir redusert ytterlegare.
Nedgangen i utlånet av bøker til dei unge er stor, sjølv om dette ikkje gjeld alle avdelingane. Med unntak av 1999, må vi tilbake til tidleg på 1980-talet for å finne eit så lavt tal på utlån til barn og ungdom. Dette forklarer den reduserte utlånsaktiviteten i biblioteket generelt og årsaken er at biblioteket ikkje er ein ressurs for skulen og barnehagen i same grad som før.
Ingebrigt Davik-huset ventar på Invasjon!
Av David, 01.02.09

- Fredag 13. februar kjem Invasjon! til Ingebrigt Davik-huset. Dette vil berre få hyggelege konsekvensar for dei som ser teaterstykket, presentert av Teatret Vårt i Molde.
Stykket handlar om Abulkasem. Det er han som står bak dei fotballresultata vi ikkje vil høyre, og forviklingane i lokalpolitikken som vi ønskjer ikkje var til stades. Han er årsaken til bussar som ikkje held ruta, men han er god å ha, for han kan få skulda når ting ikkje går som ein vil. Og når vi først har noko på hjarta, så er det så godt å ha eit livleg snakketøy. Det gjeld forskarar så vel som bøller. Til og med nordlendingar og frognerdamer. Men kven er Abulkasem?
Vi veit kven som står bak Invasjon! Det er Sverige sin nye yndling, både som dramatikar og skjønnlitterær forfattar: Jonas Khemiri. Invasjon! har vekt begeistring på Stockholms Stadteater i fleire månadar. Internasjonale premierar står i kø etter at det velrenomerte Kamerspiele i München viste stykket. London og Paris kom sjølvsagt etter, og det gjorde også Molde. Derfor kan også vi sjå fram til denne eksperimentelle komedien i Haram fredag, med Hilde Marie Farstad Bergersen, Isa Aouifia, Hugo Mikal Skår og Enrique Dragseth i rollene.
Polakkar inn i den norske adventsvarmen
Av David, 15.12.08

- Dei to første fredagane i advent arrangert biblioteket kinokveldar for den store gruppe polakkar som bidreg til å halde hjørnsteinsbedriftene i kommunen i gang. Filmane blei vist på kinoen i Ingebrigt Davik-huset, som næringslivet har i stor grad bidrege økonomisk til å realisere.
Dette var utsette postar frå kulturfestivalen i den milde september. I staden vart det i den kalde desember at 30 polakkar ved kvar forestilling fekk oppleve hjartevarmen som er ein del av adventstida. Filmane framkalla mange eit latterbrøl i kinosalen, og smilet vart heller ikkje borte etterpå. Biblioteket fekk nemleg drahjelp frå frivillegsentralen, slik at dei inviterte også fekk smake på litt av kvart som er typisk for den norske adventstida. I tillegg hadde biblioteket ei utstillinga av språkkurs i norsk og bøker på polsk og fleire nytta høve til å få seg lånekort på staden og låne "heim" nokre av desse. Polakkane sette stor pris på tiltaket og takka kvar og ein då dei forlot kinosalen. Filmane vart skaffa kostnadsfritt frå Polsk Filminstitutt.
Opningstidene i jula
Av David, 10.12.08
- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i romjula:
laur. 27. desember : 11:00-14:00
man. 29. desember : 15:00-18:00
tys. 30. desember : 12:00-15:00
Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: ons. 17. des. (Lepsøy), tors. 18. des. (Fjørtoft, Søvik og Longva), fre. 19. des. (Haramsøy), tys. 23. des. (Vatne og Brattvåg). Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!
Kulturhistorisk reise på Vatne - Sist mandag heldt sunnmøringen Oddgeir Bruaset kåseri om den sunnmørske kulturarven ved Vatne filial. Oddgeir Bruaset, som er fødd i Romsdal, er journalist og leiar av fjernsynsprogrammet Der ingen skulle tru at nokon kunnebo. Han er også forfattaren bak ein stor del av litteraturen om Sunnmøre som er å finne på bokhyller i bibliotek og bokhandlarar. 24 personar møtte fram for å høyre på kåseriet om den andre delen av Arven : ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie, som var ei fargerik reise takka også vere vakre foto av Oddbjørn Monsen i form av lysbilde.
Biblioteket vann bibliotekprisen i Møre og Romsdal 2008! - Bibliotekprisen i Møre og Romsdal 2008 gjekk til Haram folkebibliotek. Prisen kan anten gå til ein person for framifrå innsats for biblioteksaka, eller til eit bibliotek som har utmerka seg særskilt, og som då får tittelen ”Årets bibliotek”. Ordførar Bjørn Sandes tok i mot prisen under Bibliotekdagane i Kristiansund i slutten av november, og dermed var han vikar i biblioteket ein ettermiddag. Her må han gi den frå seg på kontoret sitt. Der var spesielle føringar i samband med utlysinga i 2008 om at det var ønskjeleg å vinkle prisen mot særskilt innsats i Mangfaldsåret. Biblioteket har engasjert seg i å skape trivsel for utlendingar som gjer ein innsats for hjørnesteinsbedriftene i Haram og i fagstillingar i kommunen, gjennom eigne tiltak og kulturfestivalen. Ein bidreg til opplæring i norsk, andre fag og til å ta vare på eige språk. Biblioteket fekk også prisen for initiativ i område knytta til IKT. Prisen er eit grafisk trykk med interessante detaljer av kunstnaren Anne Cecilie Røgeberg med tittelen: "Gullportalen", og blei overrekt av fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær og fylkesleiar av NBF Tommly Skalstad. Fornying på Lepsøy - I løpet av 2008 har det vore utført ein del forbetringar ved Lepsøy filial.
Filialen er på omlag 70 kvadratmeter og er lokalisert i samfunnshusdelen av skuleanlegget på øya. Om sommaren blei arbeidsplassen fornya med nye møblar og pc-ustyr og eldre utstillingsmøblar vart erstatta med nye boktårn, med midlar frå ei tilleggsløyving i 2007. I haust vart vindua skifta ut, og i slutten av november fekk lokalet nytt golvbelegg. Det set eventuelle framtidige bibliotektilsette på øya pris på. Sambarytmer i Søvik - Det vart sambarytmer då Companhia Folgarzques frå Brasil spelte og dansa onsdag kveld i biblioteket i Søvik under Mangfaldsfestivalen "Hit eit steg & dit eit steg". Før det hadde Klovnen Klumse fått dei besøkande i festhumør. Biblioteket har bidrege til den ambisiøse kulturfestivalen, som har vekt minst like mykje oppsikt utanfor Haram som innanfor kommunen sine grenser. Ein skaffa 61 nasjonalflagg til den internasjonale paraden som innleia festivalen, og laga ein utstilling under opningsfesten under mottoet "Bevar ditt språk og lær andre sine". Der arrangerte ein også ein flaggkonkurranse, som Martine Gunnarsdottir vann. Fleire bilde frå desse arrangement her.
Biblioteket har skaffa eit tilskot frå Fritt Ord på kr. 8000 til eit originaloppdrag om tverrkulturelle mytar og segner av Guri Aasen, som blei framført på Nordøyane. Sist, men ikkje minst, har biblioteket ved hjelp av ambassaden skaffa filmar frå Polsk Filminstitutt for å gje den store polske arbeidsstokken nokre hyggekveldar i Ingebrikt Davik-huset. Det gjeld først og fremst komediane Sex Mission og Kingsize frå 80-talet, to titlar som får polakkar til å smile berre ein nemner dei. Desse må vi utsette inntil vi finn ei optisk løysing på problemet rundt gamle filmar i ein ny kino.
Ruben Eliassen i Haram - Forfattaren Ruben Eliassen saman med kjæresten Bente Rannveig Hansen besøkte Haram då lesekonkurransen Sommarles slutta av og skuleåret tok til. Det blei eit hyggeleg møte.(foto: Hjørdis Skaar)
Ruben står bak bokserien Phenomena, som er godt kjent blant mange av dei unge som les ein del. Han hadde mykje på hjartet denne dagen og ville gjerne ha ein dialog med dei 25 unge som var til stades. Det fikk han, om alt frå det å skrive til oppveksten og dagleglivet. Det blei eit koseleg møte som Ruben sjølv likte godt.. Bente Rannveig Hansen har omsett fleire bestselgarar til norsk, m.a. Labyrinten av Kate Mosse, som er sjeldent å finne ledig på biblioteket sine hyller. Endra opningstider
- På tysdagar kjem Haramsøy og Longva filialar til å vere opne ein time seinare frå og med 26. august. Dei nye tidene er:
Longva: 16.30 - 18.30
Noko phenomenalt kjem til Haram!
Etter jul opnar avdelingane fre. 2. jan. (Brattvåg og Vatne), man. 5. jan. (Søvik), tys. 6. jan. (Longva, Haramsøy), tors. 8. jan. (Lepsøy, Fjørtoft).
Av David, 09.12.08
Av David, 03.12.08
Av David, 02.12.08
Av David, 20.09.08
Av David, 14.09.08
Av David, 19.08.08
Haramsøy: 19.00-21.00
Av David, 11.08.08
- Laurdag 16. august kjem den populære forfattaren Ruben Eliassen til Haram. Han er mest kjent for sin serie Phenomena.
I 2002 kåra dei unge den første boka som sin favoritt, og i åra som fulgte blei det fem bøker. Han har nyleg begynt på ein annan serie - Mare. Meir om Ruben finn du >> her.
Biblioteket har invitert han til å underhalde dei unge laurdag 16. august kl. 12.30 i kinosalen, noko som kan bli ei temmeleg opplada forestilling. Programmet er opent for alle og er gratis.
Ruben skal også trekke loddet som vil fortelje oss kven av Sommarles-konkurrentane skal vinne ein premie verdt kr. 1000, samt 7 trøstepremiar. Han skal i tillegg dele ut diplom. Under halvtimen før programmet, frå kl. 12.00, skal Bok og Papir halde boksignering i hallen.
Klovnestrekar på Vatne
Av David, 09.07.08

- I sommar vart barneavdelinga ved Vatne filial fornya, medan Tryggheim barnehage i Vatne sentrum feira 35 år i år. I høve dette besøkte barn frå barnehagen biblioteket, og det gjorde også Klovnen Klumse.
Vatne filial har lenge hatt ei blanding av ulike typar møblar i ymse fargar. Ein arbeider langsiktig for å fornye inventaret. Barneavdelinga er ferdig, og dette blei markert med eit besøk av barn frå Tryggheim barnehage. Takka vere Klovnen Klumse vart biblioteket alt anna enn ein fredeleg plass, men gjestane roa seg etter kvart som dei fekk ballongfigurar, boller og brus.
Stabil bruk av biblioteket
Av David, 02.07.08

- Bruken av biblioteket første halvår 2008 ligg på nesten akkurat det same nivået som i 2007.
Statistikken frå dei fem største av biblioteket sine sju avdelingar viser ein stabil utlånsaktivitet. Sjølv om tala viser ein nedgong i Brattvåg, i Søvik, på Haramsøy og på Longva, er endringane små. Vatne filial har opplevd ein auke i aktivitet på 16 %. Det var meir enn nok for å kompensere for reduksjonane ved dei andre avdelingane. Totalt sett auka utlånet frå 22151 til 22351. Talet på aktive lånekort var noko høgare samanlikna med i fjor.
Sommarles i sommar!
Av David, 12.06.08
- Frå i dag kan du klikke på dette bildet og melde deg på Sommarles 08, ein uhøgtideleg lesekonkurranse for barn og unge mellom 7 og 18 i Haram. Samtidig har fleire kommunar teke imot utfordringa frå Haram. Desse er Sykkylven, Sula, Hareid, Herøy og Ørsta. Konkurransen går føre seg mellom 18. juni og 18. august, og du kan melde deg på når som helst. Årets første konkurrent, jette frå Ørsta, meldte seg på like etter midnatt i natt.
Både dei som les lite og dei som les mykje risikerer å vinne ein premie. Lydbøker tel som bøker. Deltakarar kan følgje med plasseringa si og kommunen si plassering på internett. Tabellane blir oppdaterte dag og natt. Nettsida til konkurransen og alt om påmelding m.m. finn du her.
Biblioteket om sommaren
Av David, 30.05.08

- Hovedbiblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren med vanlege opningstider. Dei andre avdelingane kjem til å stenge slik:
Vatne filial : siste dag ope laurdag 12. juli. Opnar opp att fredag 8. august.
Søvik : siste dag ope torsdag 19. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Haramsøy : siste dag ope tysdag 17. juni. Opnar opp att fredag 22. august.
Longva : siste dag ope torsdag 19. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Lepsøy : siste dag ope tysdag 17. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Fjørtoft : siste dag ope torsdag 19. juni. Opnar opp att torsdag 21. august.
Vi ønskjer brukarane våre ein god sommar og mange hyggelege leseopplevingar!
Rehabilitering av Søvik filial vart feira
Av David, 30.03.08

- Rehabiliteringa av Søvik filial vart feira ved å invitere heile skulen og ordførar Bjørn Sandnes til fest sist onsdag. 115 flasker brus, bollar og ormblåsarar sørga for ei god stemning. (Foto: Willy Haram, Haramsnytt.)
Dei siste vekene har gått til å henge opp nye gardiner, installere bord og stolar i oransje og sort, samt justere omplasseringa av ein del seksjonar i biblioteket. Unge Trine Giske hadde laga ein fin serie grafisk kunst, med sitat valgt ut av biblioteket, som henger på ein vegg. Før dette hadde ein fjerna eit kontor, skifta ut golvbelegget, kasserte over 2500 bøker og skaffa brukte møblar til ei ope skrankeløysing.
Under den korte opninga understreka ordføraren kor viktig det er å lære å lese godt og tilegne seg kunnskap. Etter utdeling av bollar og brus, vart det trylla fram ormblåsarar. Den høge pipande festlyden kunne høyrast ymse plassar i Søvik sentrum lenge etter markeringa vart slutt. Onsdag får innbuarane i Søvik og på Grytestranda informasjon i posten om kva biblioteket kan tilby.
Fleire språkalternativ
Av David, 25.03.08

- I tillegg til språkkurs og bøker, har mulegheitane for å pusse opp eller prøve ut språkkunnskapane auka betrakleg ved hjelp av dvd. Alternativa er fleire enn mange trur, og vi har gjort det lettare å velje.
I tillegg til ein spansk filmproduksjon for å følgje med spansk, har også andre filmar av og til lydspor på spansk. Mange filmar har også fleire språk i undertekstene enn dei nordiske. T.d. spansk tale og spanske undertekster er eit glimrande hjelpemiddel. Kanskje du kan sjå din favorittfilm på eit språk du er nysgjerrig på? Illustrasjonen er på fransk.
Utanlandske arbeidsgjestar har også sine ønskjer. Det kan vere å slappe av med morsmålet eller å følgje den norske omsetjinga. Norsk tale og norske undertekster er også eit nyttig alternativ, men desse har berre nordiske eller engelske tekster.
I biblioteket sin katalog/catalogue kan du søkje etter språk i lydspor eller i undertekster eller i begge delane samtidig. Bruk avansert søk eller advanced search og vel som Type søk/Choose search: 'Lydspor-språk' for tale, 'Undertekster', eller 'Språkkode' (for anten lyd eller tekst i eit bestemt språk). Skriv ikkje spansk, men språkkoden spa. Språkkodane er på tre bokstavar: spa eng ita rus dan etc. Språkkodane er internasjonale: swe (svensk), fre (fransk), ger (tysk). Spør personalet om du treng help.
Opningstider i påske
Av David, 15.03.08

- I påskeveka er Vatne filial ope kl. 17 til kl. 20. tysdag 18. mars. Hovedbiblioteket i Brattvåg er ope mandag 17. mars kl. 15 til kl. 20, tysdag 18. mars kl. 12 til kl. 15 og laurdag 22. mars kl. 11 til kl. 14 .
Etter påska opnar alle avdelingane frå og med tysdag 25 mars.
Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god påske!!
Haram i fokus på Sandane
Av David, 18.02.08

Dei vidaregåande skulebiblioteka i Sogn og Fjordane var på si tredje av i alt fem samlingar. Den trivelege vestlandsbygda Sandane var samlingsstaden. Kursrekka, som er i regi av Biblioteksentralen, heiter Skulebiblioteket - morgendagens læringssenter.
Biblioteket stod for dagens første programpost, med ei orientering om korleis IKT kan samle små bibliotek og brukarane sine på ulike måtar, korleis tradisjonell informasjon kan bli tilgjengeleg på ein ny måte, om standardar for heimesider og om brukarane sine forventningar. Det blei vist eksempel på tiltak frå Haram og det vart lagt fram ein del forslag.
Biblioteket prøver digibøker
Av David, 04.02.08
- Biblioteket har kjøpt inn nokre lydbøker i mp3-format. Dei som no gjerast klare til utlån er lommelydbøker, som treng avspelingsutstyr, og digibøker som ikkje treng det.
Lommelydbøker består av lydfilar på 1 plate, uansett lengda på boka. Ein kan lytte til mp3-filar på nyare cd-spelarar, eller laste ned boka til ein mp3-spelar via datamaskina. M.a. er Ringenes herre av J.R.R. Tolkien kjøpt inn. Dette finst elles berre på 36 lydkassettar.
Digiboka er ein komplett elektronisk lydbok som ein kan ta frå bibliotekhylla og lytte til, eller låne. Boka er lest inn på ein digital einheit som ein kan lytte direkte frå, utan å gå via avspelingsutstyr. Biblioteket kjem imidlertid ikkje til å låne ut øyretelefonane som følgjer med. Dette har målgruppa som vil bruke mp3-formatet med seg frå før. Digibøker vil avlaste etterspørselen etter populære lydbøker på cd.
Mangfaldsåret har begynt
Av David, 31.01.08

Biblioteket har alltid vore ein stad der tilflyttarar kjem for å utforske tenester på eigne premissar. Personar frå følgjande land brukte biblioteket i januar: Slovakia, Spania, Congo, Norge, Ungarn, Sverige, Russland, Storbritannia, Tyskland, Irak, Belgia, Polen, Somalia, Bosnia, Sri Lanka, Nederland, Romania, Libanon, Filippinene og Latvia. Der er minst 8 andre nasjonalitetar til som brukar biblioteket regelmessig. Det overveldande talet gjer at ein må etter alt å døme finne ein større vegg og lage ei ny tavle.
Ei av dei alle første "mangfaldige" brukarane i år er denne nederlandske jenta som flytta til Noreg då ho var 11 år (foto). Visse nasjonalitetar og nordmenn er interessert i språka i lydspor og i undertekster på dvd-filmar. Ein søkjefunksjonalitet som skil mellom lyd og tekst skal opprettast i databasen, noko biblioteka elles ikkje har.
Biblioteket skal kjøpe inn ein del tospråklege bøker og lydbøker for barn. Bokinnkjøpet har ein lufta med andre bibliotek i fylket. Fleire bøker på tysk skal kjøpast inn. Konkurransen Sommarles vurderast tilpassa Mangfaldsåret. Biblioteket skal vere med i den planlagde kommunale festivalen. Planen om å opprette ei språkavdeling ved hovedbiblioteket må utsetjast.
Frå eigne samlingar har biblioteket lånt ut bøker på følgjande framandspråk i januar 2008 til brukarar frå Haram, Skodje, Ålesund og Gjøvik: Engelsk, russisk, fransk, ungarsk, spansk, polsk og bosnisk. Engelsk og russisk toppar statistikken. Dei ulike innvandrargruppene bruker biblioteket til m.a. fritidslesing, høgskuleutdanning, reiseinformasjon, film på morsmålet, norskopplæring, søk etter studie- og arbeidsplassar andre stader, nettaviser og epost. For unge sjølvstendige europearar spesielt, er biblioteket ein viktig stad. Ein held framleis kontakt med tyskarar og ukrainarar som flytta frå regionen for fleire år sidan.
Utviding av hovedbiblioteket utsett
Av David, 14.01.08
- Planane for utvidinga av hovedbiblioteket i Brattvågsenteret med omlag 100 kvadratmeter tek lenger tid enn det som var tenkt.
Arbeidet består av nytt areal over Nille, samt endringar i midten i lokalet. Det tek tid å kome fram til ei tilfredsstillande løysing i forhold til branntryggleik. Det er oppbevart ein god del bygningsmaterial i senteret, og biblioteket har møblar, bøker og utstyr oppbevart midlertidig, noko som er tungvint.
Hensikten er å opprette og sette fokus på avdelingar for lokalhistorie, språk og maritime emne, samt ei generell oppussing og meir rom i midten av lokalet. Lokalet kan opplevast som trangt for dei fleste og uoversiktleg for nye besøkande.
Ein håpar på ei midlertidig løysing, då lokalet vil uansett bli endra i samband med byggeprosjeket langs sjøkanten, som etter planen skal stå ferdig i 2011. Då vil desse unge menn trenge større bøker.
47480 utlån i 2007
Av David, 13.01.08
- Det blei lånt ut 47480 bøker og andre media i Haram folkebibliotek i 2007.
Det er ein liten auke på 357 utlån. Det er eit oppmuntrande resultat, då prognosen frå dei største biblioteka i landet viser ein tydeleg nedgang i utlånsaktivitet.
Avdelingane på Fjørtoft, Lepsøy, Longva, Vatne og i Brattvåg viser ein auke i 2007, medan dei på Haramsøy og i Søvik viser ein reduksjon. Utlånet gjekk ned med omlag 25 % i Søvik, då det gjekk ei stund før aktiviten tok seg opp att etter renoveringsarbeidet. På Vatne var utlånsaktiviteten (12781) nære på å slå ein ny rekord, som er 13070 frå 2004.
Opningstidene i jula
Av David, 14.12.2007
tors. 27. desember : 15.00-18:00
fre. 28. desember : 12:00-15:00
laur. 29. desember : 11:00-14:00
Siste opningsdag før jul er tys. 18. des. (Haramsøy), ons. 19. des. (Lepsøy), tors. 20. des (Fjørtoft, Longva & Søvik), laur. 22. des. (Vatne og Brattvåg)
Etter jul opnar avdelingane tors. 3. jan. (Brattvåg, Søvik, Longva, Lepsøy og Fjørtoft) og fredag 4. jan. (Vatne og Haramsøy) Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år! Fornying i Søvik Filialen har fått nytt golvbelegg. Ein del hyller og eldre møblar er fjerna, medan den gamle skranken og kontoret vart fjerna i sommar. Biblioteket hadde eit tungt og trangt interiør. No er der meir plass. Bak det nye skrankeområdet er det hengt opp foto av soloppgangen ved Bjørnøya. Etter planen skal ein få plass til nyare møblar og nye gardinar. Det er i tillegg håp om at Trine Giske vil lage grafisk kunst å henge på veggen. Ein håpar med dette å kunne revitalisere bruken av filialen. Regionalt møte i Brattvåg Det har i fleire år vore vanskeleg å arrangere regionale bibliotekmøte på Nordre Sunnmøre, men vi klarte å samle 8 av dei 11 kommunane, samt fylkesbiblioteket denne dagen. Nettopp dette var eit tema og ein gjekk inn for ei oppskrift til forbetring. Fleire kommunar presenterte erfaringane sine med Leseombud. Det har ikkje vore enkelt å få tiltaket i gang på grunn av tilgong på frivillege som vil lese, men alle som har vore informert om tiltaket er veldig positive til det. Lån av film mellom biblioteka i regionen vart avtalt. I tillegg gjekk ein gjennom eit europeisk samarbeidsprosjekt for å sjå korleis eit eksempel på eit slikt prosjekt ser ut, då biblioteka får henvendingar om desse. Regionen kan også danne eit team som kan faktisk delta i samarbeidet. Planar framover for eventuelle lokale kurs og bruken av spørjeundersøkjingar vart også diskutert. Septimus Heap Harry Potter-bøkene og heile fantasi-genren har betydd mykje for lesing blant unge og unge voksne. Ein ønskjer derfor Septimus Heap velkomen. Biblioteket har dei to første bøkene på norsk og dei tre første på engelsk. Du kan lese meir om bøkene her.
Bøker på polsk godt mottekne Det ser ut som både talet og utvalet av bøkene på polsk som biblioteket kjøpte i sommar er passeleg. 3-4 bøker har enno ikkje funne ein lesar, medan 3-4 har funne fleire. Så langt har ingen av desse brukarane gått "heim" tomhendt, og etterspørselen etter filmar med polsk tekst og internett har også auka.
Det er dei som er boklesarar frå før som nyttar seg av tilbodet, og ein har vore så glad for dette at han har stilt fleire spørsmål om bakgrunnen. Ein annan, som snakkar norsk, meiner det er lettare å finne aktuelle bøker på polsk i Haram enn i Oslo. For mange av polakkane passar opningstidene dårleg når ein stenger kl. 20 om kvelden og kl. 13.30 på laurdagar. Biblioteket har avtalt å halde ope til kl. 21.00 eit par kveldar. Sommarles - pokalen gjekk til Ulstein Unge frå 8 kommunar på Sunnmøre deltok i konkurransen, som vart arrangert av Haram folkebibliotek. Blant dei ti beste av 272 påmeldte var "Jo-Jo" frå Longva på 5. plass og "junior3" frå Vatne på 10. plass, som då vant premiar. Plasseringane var delt opp i 8 divisjonar, og "swiswi" (Brattvåg), "katt" (Brattvåg) og "marit" (Vatne) gjorde det så bra at dei enda opp i den øvste divisjonen saman med premievinnarane.
Når det gjeld konkurransen mellom kommunane, fekk Haram flest poeng, men enda på ein 6. plass. Kvar deltakar fekk poeng for alle bøkene dei las/høyrde på i løpet av to og halv sommarmånadar. Det var gjennomsnittet blant deltakarane i den enkelte kommune som avgjorde kommunen sitt resultat. Ulstein vann knepent foran Hareid. Etter det vi forstår var konkurransen tøff mellom desse to, også på dette feltet. Haram sine deltakarar las altså mindre enn i dei fleste andre kommunar, men Haram hadde flest deltakarar (56), noko som vi ser på som ein siger. Fornying ved Søvik filial i sommar I sommar har personalet biblioteket fjerna eit rom og ein del inventar for å gi plass til eit nytt golvbelegg. Før dette har nærmare 2500 bøker vore kassert.
Etter planen skal inventaret og bøkene flyttast tilbake innan 20. august, då filialen skal opne opp att etter sommaren. Ein del møblar er kjøpt eller skaffa på ulike måtar, men ein manglar framleis møblar som skal erstatte det som er kasta og ein del elektriske installasjonar. Ny bok om Harry Potter i biblioteket ! Det gjeld dei engelske utgåvene for barn og voksne, som kom ut 21. juli. Det er ikkje avgjort når den norske utgåva vil komme, men boka kjem ut parallelt m.a. på fransk, tysk og ungarsk 27. oktober.
I følgje forfattaren J.K. Rowling innheld boka informasjon som er oppsummerande for heile serien. Derfor oppfattast Harry Potter and the Deathly Hallows (dødsrelikviane) som den siste. Bibliotekbrukarar mellom 10 og 32 år har lest bøker om Harry Potter, på norsk, engelsk og russisk. Opningstider om sommaren
God sommar! Ny Sommarles i sommar! - Biblioteket arrangerer Sommarles også i år. Både deltakarar frå i fjor og andre kommunar i fylket ønskjer at det skal bli ein ny konkurranse i sommar. Sommarles 07 varer frå 11. juni til 18. august. Over 130 deltakarar mellom 6 til 19 år var med i fjor, og over 1600 bøker vart lese. Mange kommunar ønskjer å vere med i år, men ein har sett ei grense ved 8. I tillegg til fjorårets konkurrentar Haram, Stordal og Hareid, skal desse nye vere med : Ørsta, Giske, Ulstein, Sande, Herøy. Talet på premiane er også utvida. Halvparten blir avgjort ved loddtrekning under og etter konkurransen. Resten går til dei som likar å konkurrere om å lese mest. Premiane er valfrie bøker eller konsertbillettar ol. Ein kommune vil vinne ein pokal.
Av David, 14.11.2007
- Filialen i Søvik har gradvis vore fornya i løpet av hausten. Eit nytt skrankeområde er no på plass og resten av arbeidet vil bli gjort ferdig tidleg i 2008.
Av David, 07.11.2007
- Representantar for dei fleste nabobibliotek vart samla i Brattvåg onsdag 7. november.
Av David, 23.09.2007
- Skammarserien og fantasiserien av Sigbjørn Mostue har fått hard konkurranse om å vere bøkene som best kan samanliknast med serien om Harry Potter. Konkurrenten heiter Septimus Heap.
Av David, 14.09.2007
- Dei alle fleste kveldane kjem dei polakkar til hovedbiblioteket for å låne bøker på polsk.
Av David, 29.08.2007
- Resultata frå lesekonkurransen Sommarles : Haram fekk flest poeng, Ulstein stakk av med pokalen.
Av David, 11.08.2007
- Inventaret ved Søvik filial er midlertidig oppbevart i inngangen til idrettsbygget medan golvbelegget skiftast ut.
Av David, 26.07.2007
- Den sjuande boka om Harry Potter er å finne i biblioteket på originalspråket.
Av David, 01.07.2007
-
Hovedbiblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren.
Avdelingane som har sommarstengt opnar opp att slik:
Fjørtoft : torsdag 23. august
Søvik : mandag 20. august (med atterhald om istandgjering av lokalet)
Longva og Haramsøy : tysdag 21. august
Lepsøy : torsdag 23. august (med atterhald om nytt golvbelegg)
Vatne filial : fredag 10. august
Av David, 29.05.2007

Bøker til polakkar i kommunen
Av David, 17.04.2007
- Biblioteket håpar å kunne bidra til at dei mange polakkane som gjer ein stor innsats for nærlingslivet i Haram skal trivst her.
Biblioteket var tidlegare mykje brukt av polske arbeidarar, men no har desse fått tilgong til internett. Det er likevel nokre som treng hjelp med å bruke nettsider, t.d. ved bankoverføringar. Ein kjem til å henge opp informasjon på polsk om kva biblioteket kan tilby, der dei arbeider eller bur.
Forslag til høyringsuttale om Bibliotekreform 2014
Av David, 16.04.2007
- Biblioteket har sendt eit forslag til høyringsuttale om Bibliotekreform 2014 til kommunen. Rådmannen tilrår formannskapet å slutte seg til forslaget den 18. april. Reforma kan bli avgjerande for kva retning biblioteket skal ta i framtida.
Ein foreslår at Møre og Romsdal blir den framtidige bibliotekeininga her, i staden for å slå saman kommunar for å skape ei ny større eining. I tillegg tilrår ein endringar i opplæringslova som sikrar skulane stillingar som skulebibliotekar, samt at tenestene som skulebiblioteket skal utføre blir gjort meir tydeleg i forskriftene til lova.
Ein foreslår også at ABM-portalen vert å opprette etter at Norsk Digitalt Bibliotek er etablert. ABM-utvikling er namnet på statens senter for arkiv, bibliotek og museum, og er ein del av kulturdepartementet. Norsk Digitalt Bibliotek er satsinga på tilgong til bibliotekressursar på nettet.
Aktivitet i 2006 : 140 personar besøkte biblioteket dagleg
Av David, 23.02.2007
- Utlånsaktiviteten i biblioteket i 2006 gjekk ned med 2,18 %. Med 47129 utlån var dette biblioteket sitt tredje beste.
Likedan gjekk talet på besøkande ned 1,52 % til i overkant av 38000, eller 140 dagleg. Bruken av biblioteket sine nettsider auka kraftig i 2006. Dette er ikkje med i statistikken. Vi lånte omlag 6 % færre bøker, men nesten 11 % fleire andre media. Sjå også årsmeldinga.
Utlånet av bøker gjekk relativt sterkt opp i 2004, spesielt barnebøker. Tendensen er det motsatte etter 2004. Skulane har kanskje satsa meir på
bøker sidan dei satsar meir på lesing. Prisen på dei meste etterspurde titlane for voksne har falt den siste tida grunna den nye bokhandlaravtalen. Ein kan ikkje sjå at etterspørselen etter nye bøker har endra seg.
Både utlån og besøk i Haram var godt over snittet i Møre og Romsdal fylke.
Bibliotekreform 2014
Av David, 02.12.2006
- Kulturminister Trond Giske har fått overlevert Bibliotekreformen 2014 på vegne av KKD og KD. Utgreiinga innheld tiltak for alle typar bibliotek fram mot år 2014.
Reformen si hovedmålsetting når det gjeld folkebibliotek er å bringe standarden opp til eit nivå som tilsvarar dei andre nordiske landa.
For å oppnå dette skal ein satse på felles digitale tenester og større
administrative bibliotekeiningar. Dette vil i praksis seie at Norsk Digitalt Bibliotek vil få betydelege ressursar sentralt til å utvikler tenester
som alle bibliotek og brukarar vil kunne dra fordelar av i kvardagen.
Større bibliotekeiningar er nødvendige for at kvart bibliotek skal ha fleire tilsette med spisskompetanse. Det er ikkje aktuelt å stenge mindre bibliotek eller tilhøyrande filialar. Reformen går ut på at fleire kommunar må gå inn i ei større eining med nabobibliotek.
Det er foreslått at 6-8 tilsette vil bli eit minimum i kvar ny bibliotekeining, men det kan også vere at dette er nok. Bibliotekreformen har vore knytta til Regionmeldinga i 2010, men allereie i 2008 skal fylkesbiblioteka legge fram eit utkast til dei nye større konsoliderte bibliotek.
Det er i tillegg ikkje sikkert at Regionmeldinga vil bli lagt fram. Dette må avklarast, då det har betyding for kva som vil skje med fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal i forhold til den nye bibliotekstrukturen.
Utlånsstatusen i biblioteket sin nettkatalog for eksemplar ved desse filialane blir dermed oppdatert. Brukarane kan heretter halde ved like deira låneforhold interaktivt.
Haramsøy og Longva filialar tilkobla sentraldriftbase
Av David, 15.11.2006
- I haust blei to nye filialar tilkobla biblioteket sin database i Oslo - Haramsøy og Longva. Dette betyr at filialane har slutta å låne ut bøker med tradisjonelle bokkort, og skal lese inn strekkodane i bøkene i staden (foto).
Begge filialane har i tillegg eit utval av bøker frå bokbåten Epos. Bøkene høyrer til fylkesbiblioteket, men manglar strekkodar.
Desse har derfor fått midlertidige stekkodar, slik at fordelane for personale og brukarar vil gjelde også for desse bøkene.
Grunnen til dette var eit hyggeleg samantreff. To skuleklassar les for tida boka til Maria, og fleire elevar kom for å treffe henne. Medan Maria las frå Vaffelhjarte, stekte to av biblioteket sine nyare brukarar, frå Russland og Latvia, så mange vaflar som dei kunne.
God stemning med Maria Parr
Av David, 11.09.2006
- Maria Parr begeistra mange barn og unge ved å å lese frå boka si Vaffelhjarte laurdag ettermiddag. Rundt 60 personar var på hovedbiblioteket i Brattvåg for å møte
Bragepris-nominerte Maria Parr (24) frå Vanylven. Ho las ein heil kapittel frå boka, som for tida er utsolgt, og fortalde korleis ho blei forfattar. Samtidig delte Maria ut diplom til dei som deltok i lesekonkurransen Sommarles. Det var i tillegg ei loddtrekning blant deltakarane og vinnaren var Lisa Henjesand frå Vatne.
Ho var blant 12 deltakarar som ikkje kunne kome på grunn av eit annet arrangement, men biblioteket hadde heller ikkje fleire ledige stolar.
Maria kjem fordi ho liker omtalen av konkurransen Sommarles, som biblioteket arrangerte i sommar. I tillegg til å fortelle om boka si og det å vere forfattar, skal ho få lov å dele ut diplom til deltakarane som var aktive under Sommarles.
Det vil i tillegg bli ei loddtrekning, for å sjå kven av dei avtive deltakarane som skal vinne konurransepremien.
Maria si bok heiter Vaffelhjarte, så det blir vel servering av vaflar!
Maria Parr kjem til biblioteket!
Av David, 31.08.2006
- Trass i at ho er oppslukt av studiane sine ved Universitetet i Bergen, ombestemte Maria Parr seg og vil besøke biblioteket i Brattvåg likevel, laurdag 9. september kl. 14.00. Ho har eit tett program med litterære tiltak ut over hausten, etter at ho var blant dei
tre nominerte til Brageprisen sist vinter. Det er den viktigaste bokpris i landet, og unge Parr blei nominert på grunn av debut-romanen hennar. Ho har vunne Det Norske Samlaget sin pris.
Det gjenstår å dele ut konkurransepremien, som er ein loddtrekningspremie blant deltakarane. Vi vil gjerne invitere deltakarane til biblioteket i Brattvåg
og vil ha premievinnarane våre til å trekke ut tala som utgjer vinnarloddet, men den eine er i utlandet akkurat no. I tillegg ønskjer vi at den unge forfattaren Maria Parr
skal vere med. Ho har skeve ei bok for barn som heiter Vaffelhjarte, og boka blei nominert til den viktigaste bokpris i landet - Brageprisen.
Når det gjeld kommunekonkurransen, er det Stordal som fortent stakk av med pokalen, grunna betre gjennomsnitt. Dei unge i Stordal har verkeleg mønstra lesekreftene i sommar etter god publisitet i skulen på tampen av skuleåret.
Stordal (1000 innb.) vann på grunn av ein god kollektiv innsats, og arrangørane er glade for at kommunestorleik ikkje har hatt betydning for resultatet
Sommarles - konkurranseresultat
Av David, 26.08.2006
- 20. august kl. 23.59 gjekk fristen ut for dei som las bøker i samband med
konkurransen Sommarles. 1600 bøker vart lese, derav 650 i Haram. Det var eit gledeleg resultat for Haram, i det Lisauh frå Grytestranda (bilde) gjekk rett til topps og vant 1. plassen.
Dermed vert ho og ei venninne å finne på a-ha konserten i Ålesund i kveld! Like gledeleg er det at ravn frå Vatne vant tredje plassen. Foto av desse og fleire deltakarar finn ein her.
Andre som imponerte var nane og swiswi (begge Brattvåg), astrid, marit og stine (alle Vatne), mari (Longva), irina (Brattvåg) og pauli (Vatne).
Dei nye foto viser Haramssenteret frå vest. Restane etter Brattvåg barneskule er også synlege, samt byrjinga av fundamenteringsarbeidet til det som vil bli den tredje barneskulen på tomta.
Desse foto er plassert saman med foto av skulen då han var relativt ny.
Fotoa viser elles kyrkja, bygdeparken, nybygga langs Årsundvegen, samt på lengre avstand bygningane og hus som etter kvart har fylt opp Synnalandsdalen.
Nye luftfoto over Brattvåg sentrum
Av David, 17.08.2006
- Biblioteket har tidlegare lagt ut ei samling av flyfoto, for det meste frå 1960-talet, som dekkjer store delar av Haram. Det er no lagt til ein del luftfoto
frå august 2006 som viser dei store endringane i Brattvåg sentrum og Synnalandsdalen. Du kan klikke på dette foto som eit eksempel, og du kan også forstørre fotoet som du får opp.
Resten finn du på Flyfoto over Brattvåg
Kommunen med høgst gjennomsnittspoeng vinn ein pokal. Dei tre første individuelle premiane
går til deltakarane som samlar mest poeng.
Den topplasserte i Haram får ein tilsvarande lokal premie, dersom han eller ho ikkje kjem blant dei tre første.
I Haram er det ei loddtrekning for ein like verdifull premie blant alle som har lese minst ei bok. Meir om premiane her
Deltakarne kan melde i frå pr. e-post, sms eller i biblioteket etter kvart som dei har lese noko. Tabellen blir oppdatert dagleg.
Hvis nokon er i ferd med å gå tomt for lesestoff; må dei ta kontakt med biblioteket i Brattvåg (som er opent heile sommaren) evnt.
på bib@haram.folkebibl.no for å rette på det!
Biblioteket arrangerer konkurransen Sommarles!
Av David, 11.07.2006
- Over 130 deltakarar frå 6 til 19 år har meldt seg på
Sommarles, som varer til 20. august. Konkurransen er indiviuell, samt interkommunal mellom
Haram, Stordal og Hareid. Dei unge i Stordal har opparbeidd eit forsprang i løpet av dei fire første vekene, medan ein deltakar frå Haram ligg på første plass. Vi gratulerer henne så lenge det varer. Plasseringane er delt opp i divisjonar på nettsida til Sommarles - klikk på bildet.
tors. 15. juni: Lepsøy og Fjørtoft
Filialane opnar: Hovedbiblioteket i Brattvåg har vanlege opningstider om sommaren.
Siste utlånsdagar før sommarferien ved filialane
Av David, 24.05.2006
- Siste utlånsdagar før sommarferien ved filialane er:
man. 19. juni: Søvik
tys. 20. juni: Longva
laur. 8. juli: Vatne
tors. 17. august: Longva, Fjørtoft, Søvik og Lepøy
fre. 18. august: Haramsøy
God sommar!!
Haramsøy filial stengt på grunn av ombygging - Frå og med fredag 12. mai blir Haramsøy filial stengt tidlegare denne sommar på grunn av ombyggingsarbeid. Vi ser fram til eit hyggeleg resultat i haust!
Alternative tenestestader for lån og innlevering er:
Av David, 06.05.2006
- Longva filial : ope tysdag 15:30-17:30 og torsdag 18:00-20:00 fram til tysdag 20. juni.
- Hovedbiblioteket i Brattvåg (ope heile året) mandag og torsdag 15:00-20:00, tysdag og fredag 12:00-15:00, laurdag 10:30-13:30
Hvis du har spørsmål, ta kontakt slik: 70214447 (Longva filial), 70214463 (hovedbiblioteket), haramsoy.filial@haram.folkebibl.no, bib@haram.folkebibl.no
Du kan gjerne låne det du har behov for til sommaren no. Aktuelle bøker og filmar som det kan vere venteliste på må imidlertid leverast inn som normalt.
Det betyr i tillegg at utlånsstatusen i biblioteket sin nettkatalog for eksemplar ved denne filialen blir oppdatert, og at brukarane kan halde ved like deira låneforhold interaktivt.
Denne endring er ein del av ei planlagt modernisering av filialen som for lengst skulle vore gjort. Filialen er mykje brukt av barn og ligg i ein krins der å trekkje til seg arbeidskraft er
spesielt viktig. Moderniseringa står derfor sentralt i biblioteket sitt bidrag til å oppnå kommunen sine overordna målsettingar. Ein håpar at den planlagte moderniseringa vil innebere fjerning av kontoret, som blir erstatta av eit opent arbeidsareal.
I tillegg ønkjer ein å finne midlar til å skifte ut
golvbelegget og gardinane. Etter planen skal alle møblane byttast ut med møblar frå andre kommunale kontor som arbeider med fornying. Det er eit stort arbeid for eit lite personale, men ein
håpar å gjennomføre det i løpet av 2006
Søvik filial er tilkobla sentraldriftbase
Av David, 26.02.2006
- Den andre største filialen i Haram, lokalisert bak barneskulen i Søvik, er no tilkobla biblioteket sin
database i Oslo. Dette betyr at filialen har slutta å låne ut bøker med dei tradisjonelle bokkorta, og skal lese inn strekkodane i bøkene i staden (foto).
På kvar av stoppestadane fortalde forfattaren Bjørn Rørvik frå boka si Kumatpakkene. I tillegg til dette programmet får barn og voksne låne frå biblioteket si samling, som
stadig skifter for kvar stopp. Bibliotekfilialane får også ta på land nokre kasser med bøker, noko som styrkjer deira utval av nyare bøker.
Bokbåten Epos tilbake i Haram
Av David, 25.01.2006
- Bokbåten Epos var i dag på veg gjennom Haram kommune og reiser vidare nordover i fylket i morgon. Båten stoppa
ved dei fire største øyane i kommunen og utgjer eit ekstra kulturinnslag to gongar for året. På veg sørover 8. februar vil båten stoppe på like mange stader på fastlandet. Fotoet er frå
kvelden på Fjørtoft.
Bokbåten Epos er skapt for å betene småsamfunn på øyar yttarst i havgapet og bygder inne i fjordane, og er eit særtrekk i den europeiske kulturgeografi. Det er dei tre vestlandske fylkesbiblioteka som driv tenesta. Med sin lange kyst, får Haram nyte spesielt godt av denne tenesta.
Utlånsaktivitet i 2005 : blanda resultat
Av David, 18.01.2006
- Utlånsaktiviteten i biblioteket i 2005 gjekk ned med 5.98 %, frå 51199 til 48136. Resultatet er imidlertid
det nest beste for biblioteket. Det er hovedsakleg nedgongen i utlånet av filmar på 12,25 % som ligg bak utviklinga. Den bråe
overgangen frå VHS til DVD, samt veksten av utsalsstader for filmar i nærmiljøet har bidratt til dette. Med sitt smalare utval og avgrensa innkjøp, tek det tid for biblioteket
å bygge opp eit utval av filmar for barn på DVD.
Utlånet av bøker gjekk relativt sterkt opp i 2004, og vi er glad for at talet blei nesten like høgt i 2005. Talet på
besøkande gjekk opp med 0,12 %.
I fylket gjekk talet på utlån ned med 4,28 % og på besøkande ned 7,20 %. Haram folkebibliotek ligg framleis på ein
åttande plass blant fylket sine 38 kommunar når det gjeld utlånsaktivitet, og enda høgare i forhold til talet på tilsette.
Det er grunn til å tru at Haram folkebibliotek har relativt høge besøkstal på nettsidene sine.
fre. 23. desember : 12:00-15:00
Følgjande filialar er ope til og med torsdag 15. desember :
Følgjande filialar er ope til og med tysdag 20. desember : Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!
Opningstidene i jula
Av David, 09.12.2005
- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:
julaften : stengt
tys. 27. desember : 12.00-15:00
ons. 28. desember : stengt
tor. 29. desember : 15:00-18:00
fre. 30. desember : 12:00-15:00
nyttårsaften : stengt
Lepsøy 17:00-20:00
Fjørtoft 16:00-18:00
Søvik filal er ope til og med mandag 19. desember 17:00-19:00
Desse opnar etter jul torsdag 5. januar.
Vatne 17:00-20:00
Haramsøy 18:00-20:00
Longva 15:30-17:30
Desse opnar etter jul tysdag 3. januar
Namn er ikkje søkbare på skanna sider, men ein kan velje fram til årstala i den aktuelle boka. Ei ministerialbok inneheld lister over m.a. døypte, konfirmerte, vigde og begravde.
Ein kan blade i nettsida og endre storleiken på boksida. Sidene er ikkje alltid lett å lese. Kyrkjebøkene vil truleg kome ut på plater. Då vil ein kunne bruke
programvare på pc heime for å sjå informasjonen lettare.
Dette er nettsida som viser tilgangen til Borgund og Haram for dei nemnte årstal: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_fylke=15&idx_kilde=Alle&idx_periode=&idx_textsearch=&js=j
Skanna kyrkjebøker frå Haram tilgjengelege i Digitalarkivet
Av David, 04.12.2005
- Dei første skanna kyrkjebøkene frå Haram er no tilgjengelege.
Det er Digitalarkivet som skannar inn kyrkjebøkene, som til no har vore tilgjengelege i distrikta på mikrofilm. Lokalhistoriske foreiningar har også vore med ved å få informasjonen skreve ned på papir. Vi trur at dette vil framleis vere
eit godt format for mange. For Haram kommune sin del er Ministerialbok for Haram 1840-1875 og for Borgund 1880-1906 skanna inn.
I større bibliotek, der framvising av kort er eit krav ved lån av materiell, vil Felles lånekort vere ein fordel for alle partar. Kortet vil også vere nøkkelen til andre tenester på sikt.
I Haram, som har mange små avdelinger, er behovet for eit kort som identifikasjon mindre nødvendig. Dei som har eit felles lånekort og vil bruke det i Haram kan gjere det ved at biblioteket oppdaterer sin informasjon om lånaren.
Biblioteket ventar med felles lånekort
Av David, 04.12.2005
- Det er lansert eit felles lånekort for bruk i alle bibliotek her i landet. Dei som har Felles lånekort treng ikkje å ha fleire kort når dei bruker fleire bibliotek, som t.d. på heimstaden,
ved universitetet der ein studerer og i regionsenteret. Haram folkebibliotek skal ikkje ta i bruk Felles lånekort med det første.
M.a. vil kostnaden ligge på ca. kr. 19 000. Haram folkebibliotek har heller ikkje samla datane for alle lånarane i ein base enda.
Roser til bok-gjevarar
Av David, 21.09.2005
- I samband med Verdens Bokdag iniviterte biblioteket publikum til å donere bøker dei ikkje hadde bruk for lenger. Det er ikkje lett for dei som er glade i bøker til å kaste dei når ein går tomt for hylleplass. Å donere bøkene til
biblioteket var eit alternativ som fleire nytta seg av. Spesielt på Haramsøy, i Brattvåg, på Lepsøy og på Vatne var gjevargleda stor. Dei som donerte spesielt mange fine bøker fekk ei raud rose frå biblioteket. På kvar rose var det ti bokmerke med lesetips.
I mellomtida er det eit problem å finne ei god løysing for presentasjonen og oppbevaringa av bøker for dei minste i små bibliotek. Lokomotivet Thomas, Nysgjerrige Nils og Ludde forsvinn blant dei store bildebøkene i kasser som krev mykje plass. Bibliotekleiaren
har besøkt eit firma i Gudbrandsdalen som evenuelt kan bygge om eit trestativ slik at denne type bok vil kunne presenterast bedre i høgde og bruke mindre golvplass, og gjerast attraktivt for småbarn. Tanken er å sjå om ikkje andre bibliotek i fylket også er interessert i dette, slik at
produksjons- og transportkostnadar kan bli fordelt.
Biblioteket og møbelutvikling
Av David, 07.09.2005
- I 1999 skrev bibliotekleiaren ein rapport frå ein studietur til eit bibliotek i Ungarn. Barneavdelinga "Barnas verd" (bilde) var ein hoveddel av rapporten, som Biblioteksentralen AL i Oslo ga eit stipend til. Biblioteksentralen marknadsfører no ein byggekonstruksjon som heiter "Barnas verden",
som består av grøne og raude delar som ein kan sette saman på ein liknande måte.
Samarbeid om Ekroll-foto
Av David, 01.09.2005
- Biblioteket kjem til å vere med i eit langsiktig samarbeid om identifiseringa av foto som høyrer til fotograf Peter Ekroll i Tennfjord.
Det er Fylkesfotoarkivet v/ Ragnar Albertsen som no har Ekrollsamlinga, og som mottok den andre halvdelen av tilsaman 10 000 foto i 2004. Nokre av desse er digitaliserte. Samarbeidet kjem til å bestå av
identifisering av personar i gruppefoto og ein del foto frå dagleglivet. Det er Vatne Sogelag og biblioteket som skal samarbeide lokalt om identifiseringsprosjektet, men dei
viktigaste samarbeidspartnarane kjem til å vere dei som kan identifisere musikantar, konfirmantar og andre. Vi reknar med at dette kan skje gjennom kveldsarrangment, nettsider og ved å legge ut permar med foto på biblioteket.
Vi håper også at lokalavisa skal vere med i samarbeidet.
Vatne filial held ope til laurdag 9. juli og opnar etter ferien fredag 12. august. Dei andre filialane opnar samtidig som elevane finn attende til pultane sine, f.o.m. torsdag 18. august.
Brukarar med ekstra fritid om sommaren, feriegjestar og personar med 3-månadars arbeidsopphald har satt pris på eit tilgjengeleg bibliotek om sommaren. Biblioteket i Brattvåg er eit av dei mest tilgjengelege i fylket om sommaren.
Sommaropent bibliotek
Av David, 01.07.2005
- Biblioteket i Brattvåg held ope heile sommaren med vanlege opningstider:
Mandag 15:00-20:00
Tysdag 12:00-15:00
Torsdag 15:00-20:00
Fredag 12:00-15:00
Laurdag 10:30-13:30
God sommar!
Tilfredsstillande leveringstid i forhold til serviceerklæringa
Av David, 12.05.2005
- Biblioteket har undersøkt leveringstida i forhold til serviceerklæringa si og er godt nøgd med resultatet. I følgje serviceerklæringa er den normale leveringstida for bøker, film, musikk o.l.
ei veka, for utlånt eller nytt materiell ein månad. Undersøkjinga gjaldt utlånt og nytt utlånsmateriell samt bøker m.m. skaffa frå andre bibliotek lokalt og nasjonalt. 100 tingingar fordelt på kommunen sin
minste filial (Fjørtoft). største filial (Vatne) og hovedbiblioteket i Brattvåg blei undersøkt. Leveringstida blei henholdvis 17, 12 og 6 dagar.
Over 300 filmar i Bibfilm sirkulasjonsordning
Av David, 14.04.2005
- Talet på filmar i sirkulasjonsordninga for kvalitetsfilmar - Bibfilm - har no passert 300. Filmane sirkulerer mellom fem bibliotek i Møre og Romsdal - Kristiansund, Molde, Ålesund,
Ørskog og Haram. Kvart halvtår vert utvalet av filmane bytta ut ved biblioteka som deltek.
Bibfilm er eit prosjekt som skal auke tilgongen på kvalitetsfilmar i distriktet og bidra til auka forståing av filmmarknaden og film som medium.
Samtidig er prosjektet ei øving i praktisk interkommunalt samarbeid med minimal administrasjon. Du kan lese meir her
Unionsoppløysinga 1905 - nyttige kjelder
Av David, 23.03.2005
- 7. juni 1905 vedtok Stortinget å løyse Norge frå unionen med Sverige. I august 1905 var det folkeavstemming om dette, i allefall for mennene, som ga eit eintydeg resultat i kommunane i fylket. I november var det avstemming om ny styreform - monarki eller republikk - med etter forholda ganske ulike resultat.
Biblioteket held på å samle nettkjelder om dette (klikk på Museum online til venstre). "1905 - Norge, Sverige og unionen" har spesielt mykje informasjon i form av tekst, lyd, bilde og film for lærarar som vil vere tidleg ute.
Høgskulen i Volda arbeider med eit prosjekt som vil fortelle korleis ein opplevde unionsoppløysinga lokalt i 1905. Haram formannskap har løyde kr. 1500
for å støtte prosjektet ved førehandstinging av 10 eksemplar av boka.
Nytt innbrot ved biblioteket
Av David, 07.02.2005
- I dag opplevd ein for tredje gong i løpet 13 månadar at ei bibliotekavdeling vart utsett for innbrot.
Denne gongen var det Søvik filial som fekk ulovleg besøk om natta. Tyvane braut seg inn gjennom døra til bygget der biblioteket og svømmehallen held til, og knuste ei rute for å opne døra til biblioteket. Ei kontordør
vart brote opp (bilde). Raiden gjekk vidare til andre bygg rundt skulen, og i alt ti dører vart ødelagt, før politiet tok tyvane på fersk gjerning.
Forutan skader på dører og vindu, vart kr. 608 og ei saks stole frå biblioteket. Papir og kontorsaker låg strødd på golvet, men heldigvis ikkje kartotek o.l.
Rekordstor auke i utlån i 2004
Av David, 21.01.2005
- Utlånet av bøker, musikk og film i Haram folkebibliotek auka dramatisk i 2004, med 15,58 %. Vi lånte 38.272 bøker, ein auke på 13,33 %, samt 12.927 andre media, ein auke på 22,76 %.
I snitt lånte vi 5,58 bøker eller andre media pr. innbuar, mot 4,71 i fylket.
Besøkstala viser 38.643 besøk, eller 4,40 besøk pr. innbuar, mot 3,61 i fylket.
Haram var det 8. mest brukt bibliotek pr. innbuar av fylket sine 38 folkebibliotek, og uoffisielle tal viser at Haram er blant dei 4 mest brukte i forhold til budsjettet.
Det er tre grunnar til denne auken. Ved årskiftet kom biblioteket godt ut av brukarundersøkjinga i Haram. Dette førte til ein solid auke i lån til vanleg publikum. I tillegg satte regjeringa i verk tiltak for å auke lesing blant dei unge, og ein har sett ein auka etterspørsel frå grupper som skular, barnehagar og tilsvarande lånegrupper. Lån til andre
kommunar gjekk også opp på grunn av eit nystarta samarbeid om kvalitetsfilmar.
Etterspørselen er inspirerande for personalet, men ein må henge godt med i svingane, for medan bruken har gått opp 38 % dei siste fem åra, er personalet det same.
Uventa oppgåve for biblioteket
Av David, 12.01.2005
- For få dagar sidan fekk biblioteket ein førespurnad om hjelp frå ei dame i London. Ho ville besøke åsstaden der onkelen hennar, ein RAF-pilot, vart skoten ned av den tyske marinen ved Haram, yst på Haramsøy. Ho ville kome på
sekstiårsdagen for hendinga, 10. jan. og gjere filmopptak. Forutan informasjon om reise og opphald, ordna biblioteket med ei ramme rundt prosjekta hennar. Den aktuelle dagen i 1945 var realskuleelevane ved Åkre skule vitne til episoden, og nokre av desse møtte fram for å erindre dette. I tillegg viste Haramsnytt
sin medarbeidar Ingrid Vestre Haram stor gjestfridom.
Etter forholda var kamphandlingane i Haramsfjorden store, i følge Haram kulturhistoriske lag, med tap av ca. 10 menneskeliv - britiske, australske og tyske, og sivile liv på land kunne lett ha gått tapt. Episoden har fått relativt lite merksemd, men besøket frå England har vekt interesse for å finne meir informasjon. I
tillegg treng minnesteinen ein inskripsjon, og det er gjenstandar som må takast vare på.
Eldre nyheiter
Frå 2004
Frå 2003


Skift på skrift-Antall unike
besøkande per 01.01.06:
Warning: fread() [function.fread]: Length parameter must be greater than 0 in /web/haram.folkebibl.no/count.php3 on line 108
Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help