ÅRSMELDING
2004
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2004 er:
- Det totale utlånet gjekk opp med
15,58 % frå 44 299 ii 2003 til 51 199.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
ned med 0,18 % frå 38 741 til 38 689.
- Lånet av bøker til voksne gjekk opp med
5,2 % frå19 465 til 20 477.
- Lånet av bøker til barn gjekk opp
med 24,41 % frå 14 304 til 17 795.
- Lånet av andre medier gjekk opp med 22,76 % frå 10 530 til 12 927.
- Lånet ved den enkelte avdeling finn
ein her
- Lånet til dei enkelte lånargruppene
(berre hovedbiblioteket) finn ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Det totale utlånet med 51199 var klart det beste biblioteket
har hatt. Andre gode resultat har vore 44299 (2004), 40868 (2002), 40377 (2000), 39449 (2001), 39410 (1995),
39051 (1989). Utlånet har auka med 38 % sidan 1999.
|
 |
- Besøksnivået har auka kontinuerleg dei
siste åra, men jamna seg ut i 2004. Ein har grunn til å tru at talet på
besøk på nettsida har auka sterkt. Denne auken er ikkje med i besøkstalet.
|
- Det er spesielt auken i utlånet til
barn og ungdom som gjorde utslaget på den kraftige utlånsauken. Blant dei
voksne er det skjønnlitteratur, framfor fagbøker, som auka. Elles har lånet av
filmar auka kraftig.
|
- Utlånsnivået pr. innbuar var
5,58 for Haram og 4,71 for Møre og Romsdal.
|
- Bruken av biblioteket pr. innbuar
totalt sett ligg på 9. plass i forhold til utlån og 8. plass i forhold til
besøk, blant fylket sine 38 kommunar.
|
- Dersom besøk på eit bibliotek sin
nettstad også var ein offisiell statistikk, ville Haram ha rangert høgare.
|
- I forhold til totalt utlån ligg Haram
på 6. plass i fylket. Kommunen har også det 6. største folketalet.
|
Utlånstal er eit uttrykk for
kva brukarar har brukt biblioteket til og korleis biblioteket har disponert
arbeidstida. Talet på utlån bør ikkje vere ein dominerande
styringsindikator fordi biblioteket samtidig er ei sosial verksemd. Dette kan
ein ikkje måle.
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 5
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
Elles blei desse arrangementa organisert:
- Biblioteket som yrkesalternativ :
Yrkesmessa ved Haram Vidaregåande skule 21.-23. januar (bilde til høgre)
- Biblioteket inviterte partipolitiske
leiarar, ordførar og varaordførar til ei orientering om biblioteket : 9
frammøtte den 27. januar.
- Klassebesøk.
- Barnehagebesøk
- Samarbeid med Teknologisk Institutt om eksamen
på internett.
- Senior data: presentasjon av
biblioteket den 26. oktober.
|
|
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2004:
- Ein tok inn 1571 nye bøker i 2004,
fem meir enn i 2003.
- 1728 bøker blei kassert.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2004 |
Rekneskap 2004 |
| Lønspostar |
1.119.400 |
1.109.311 |
| Varer og tenester |
640.500 |
709.995 |
| Sum netto |
1.759.900 |
1.819.306 |
Rekneskapen viser eit overforbruk på
3 %, eller kr. 59.406. Budsjettet for varer og tenester for 2004 var redusert
med kr. 60 000 i forhold til 2003, noko som førte til store vanskar med å
halde seg innanfor budsjettramma. Kontorutgifter, annonsering, energi,
ekstrautgifter i samband med innbrot, utlånsmateriell og service- og driftsavtalar kosta meir enn budsjettert,
samtidig som det ikkje var andre område der ein kunne spare. Utgiftene til løn
gjekk opp meir enn budsjettert, og differansen vart ikkje kompensert
for.
5. PERSONALE
| Oddbjørg Hoem slutta etter 20 år i
biblioteket. Gunn Ulvestad og Kimberly Skarbø tok til i dei ledige stillingane
ved Vatne filial, Søvik filial og ved hovedbiblioteket. |
|
Bemanninga ligg berre på 44 % av normen.
Ein har i lengre tid peika på behovet for kvalifisert personale som kan arbeide
med tenester til dei unge frå
barnehagen fram til den vidaregåande skulen som arbeidsfelt. I tillegg har ein behov
for meir skrankepersonale på grunn av den auka etterspurdnaden frå brukarane.
Ein kunne ha tenkt seg å gjere meir for andre brukargrupper.
Kommunen er idag heilt avhengig av at personalet arbeider langt ut over arbeidstidene. Mange stader i
landet har folkebiblioteka tapt personale på grunn av låge utlånstal i forhold
til arbeidstimar. Situasjonen er det motsatte i Haram, der utlånet er blant det
høgste i fylket sett i forhold til dei sentrale budsjettpostane for personale
og kjøp av utlånsmateriell.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2004:
- Biblioteket lånte inn 911 bøker
frå andre bibliotek i 2004. Lån
frå andre bibliotek har vore stabile dei fire siste åra.
7. PROSJEKT
- Biblioteket si heimeside fekk ny design i 2004.
|
- Biblioteket har arbeidd med filmprosjektet Bibfilm.
Dette er eit
samarbeidsprosjekt med Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørskog. Biblioteket
tok initiativet til dette, og ein fekk eit tilskot frå Norsk Filminstitutt
til trykking av materiell. Prosjektet vil fortsette til 2007.
|
- Biblioteket hadde eit utviklingssamarbeid med Haram
vidaregåande skule. Skulen sitt bibliotek er nå heilt omorganisert og
har ein felles katalog. Som verktøy har skulen den same programvaren som
folkebiblioteket, og det er eit ønske at alle folkebibliotekavdelingar og
skulebibliotek som deler den same programvaren også skal få ein felles
ekstern driftsbase.
|
|
- Biblioteket fullførte eit samarbeidsprosjekt med Brattvåg ungdomsskule om utvikling
av skulebiblioteket. Ved årsskiftet var katalogen for
dette biblioteket lagt inn i biblioteket sin base, og bruken av programvaren
som biblioteket bruker, samt opplæring, er påbegynt. Eit tilsvarane
samarbeid med Vatne ungdomsskule vart påbegynt. Det er håp om at skulen vil
få nytt areal til bibliotek i samband med bygging av nytt tak over gymsalen. Timar frå siviltenesta
blei brukt
til dette.
|
- Det blei lagt ut ei lita fotosamling av uidentifiserte
personar frå Fjørtoft frå 1920-30 talet på biblioteket si heimeside, og
seinare trykt og hengt opp på øya.
Dette var eit prøveprosjekt i samband med eit eventuelt samarbeid med
private om lokalhistoriske bilde på nettet.
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD
|
Dato
|
Stad
|
Aktivitet
|
Deltakarar
|
Finansiering
|
| 4.2 |
Ålesund |
Film i biblioteket/Årsmøte NBF |
David Beadle (medarrangør) |
NBF |
| 24.-27.3 |
Molde |
Det 69. Bibliotekmøte |
David Beadle
(medarrangør)
|
NBF |
| 22.-23.4 |
Oslo |
Kurs NSU /møte Norsk
Filminstitutt |
David Beadle |
Biblioteket/NFI |
| 28.-29.4 |
Ålesund |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
| 3.5 |
Ålesund |
Skulebiblioteket som læringsarena |
David Beadle
(medarrangør)
|
NBF |
| 13.-14.9 |
Molde |
Gi rom for lesing og den kulturaktive
elev/Arsmøte
NBF |
David Beadle
(medarrangør)
|
Biblioteket/NBF |
| 4.-8.10 |
Budapest |
Pulman bibliotekprogram |
David Beadle |
EU |
| 18.11 |
Ålesund |
Norsk barnebok Institutt |
Kimberly Skarbø |
Biblioteket |
9. RESULTAT FOR 2004
Vi har sett den kraftigaste auken i
etterspurnaden nokon gong i 2004, slik at vedlikhald og dagleg drift tek
heile arbeidsinnsatsen og vel så det. Ut over dette har ein likevel arbeidd med
fleire prosjekt, jfr. pkt. 7, der samarbeid med skulane er det største. Det er
også
arbeidd med ein del utbetringar.
Det er samtidig både enkle og
større oppgåver som ikkje har blitt gjennomført, og det står på anten
økonomi, hjelp frå andre eller begge delar. Nokre av desse vert å ta med
vidare i framtidige planar.10. PLANAR FOR
2005
Oppgåver i 2005 vil ta utgangspunkt i
Plan for Haram folkebibliotek
2005-2008 når denne blir ferdig. Det gjeld m.a.
- Å nå ut til potensielle nye brukarar
- Utbetringar ved Søvik filial
- Framhald av filmprosjektet Bibfilm
- Vidareutvikling av samarbeidet med skulane
- Auka bruk av elektroniske tenester for å redusere
arbeidstid
David Beadle
Biblioteksjef
den 13. februar 2005