ÅRSMELDING
2006
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2006 er:
- Det totale utlånet gjekk ned med
2.18 % frå 48136 i 2006 til 47129.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
ned med 1,52 % frå 38691 til 38101.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
ned med 5,82 % frå 20091 til 18922.
- Lånet av bøker til barn gjekk
ned med 6,33 % frå 16702 til 15645.
- Lånet av andre medier gjekk opp med
10.75 % frå 11343 til 12562.
- Lånet ved den enkelte avdeling finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Mellom 2000 og 2002 var ca. 40000 utlån årleg vanleg. Mellom 2003 og 2006 har nivået lege på mellom 44000 og 51000. 1989 og 1985 var tidlegare gode år med 40000 utlån. Det totale utlånet i 2006 var biblioteket sitt tredje høgst.
|
 |
- Besøksnivået har vore
stabilt i fleire år trass endringar i utlånsnivået. Talet viser at 149 var innom biblioteket dagleg i 2006. Besøk på nettsida
auka kraftig i 2006. Dette er ikkje med i besøkstalet.
|
- Utlånet av andre medier gjekk opp i
2006 omlag like mykje som det gjekk ned i 2005. Ein har prøvd å
bygge opp dvd-samlinga for å kompensere for avviklinga av
VHS-formatet. Ein satsa meir på lydbøker og
mindre på musikk. Dette viser seg i utlånstala.
|
- Etter at den nye bransjeavtalen førte til reduserte prisar på dei meste annonserte boktitlane i landet, har boksalet auka totalt. Dette har betydning for etterspurnaden ved biblioteket i 2006 .
Utlånet av bøker til barn har gått ned med 6-7 % både i 2005 og 2006.
Årsaken kan vere redusert lån til skular i forhold til 2004, då det var
mykje fokus på PISA-statistikken om lesenivået i skulane. I tillegg kan tilgangen på bøker i skulane
har blitt betre sidan PISA-resultata blei kjent. Sidan 2004 har talet på barne- og ungdomsbøker frå Norsk kulturfond
til skulane vore dobla.
|
- Longva filial har hatt ein fin auke i
utlånet dei siste 3-4 åra, medan aktiviteten har gått tilsvarande ned på
Lepsøy. Desse låner ut omlag like mange bøker. Haramsøy filial stengte 5
veker tidlegare før sommarferien. Vatne hadde ein auke i førstegangslån, men færre
fornyingar som følgje av innskjerpa purring. Utlånet ved Fjørtoft er
framleis lav på grunn av dårlege fysiske forhold.
|
- Det ser foreløbig ut som opninga av
kino og nye kulturhus ikkje har hatt noko betydning for aktiviten i biblioteket.
Nye kulturelle tilbod kan både stimulere og redusere biblioteket som
fritidsarena.
|
- Utlånsnivået pr. innbuar var
5,45 for Haram og 4,34 for Møre og Romsdal. Besøksnivået var
4,41 for Haram og 3,71 for Møre og Romsdal. Dette er basert på
foreløbige, men pålitelege tal.
|
- Bruken av biblioteket pr. innbuar
totalt sett ligg på ein 7. plass, både i forhold til utlån og
besøk, blant fylket sine 38 kommunar.
|
- I forhold til storleik, ligg utlånsnivået i Haram
på ein 7. plass i fylket. Kommunen er det 7. største i fylket etter folketalet.
|
Utlånstal er eit uttrykk for
kva brukarar har brukt biblioteket til og korleis arbeidstida har disponert. Talet på utlån bør ikkje vere ein dominerande
styringsindikator fordi der er også sosial og annan aktivitet i eit bibliotek, og
dette kan ikkje målast.
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 5
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
Elles blei desse arrangementa organisert:
- 10. juni - 20. august : konkurransen Sommarles!
- 9. september : forfattarbesøk v/ Maria Parr
- veke 47 : Andrea B. Svendsen frå
Vatne ungdomsskule var utplassert i biblioteket.
- Klassebesøk.
- Barnehagebesøk
- Samarbeid med Teknologisk Institutt og
Didac om eksamen
på internett.
|
|
2.7 BRUKARANE
Folketalet i kommunen er 8643, medan biblioteket telte 38101 besøk i 2006. Dette fortel lite om kor mange enkelpersonar kom til biblioteket.
Svar frå brukarundersøkjing i kommunen i 2003 viser at 38.7% av
husstandane hadde brukt biblioteket i løpet av dei siste 12 månadane. Tal viser at 671 personar brukte lånarkortet sitt i ein månad i 2006 (utan aktive lånekort på Lepsøy og Fjørtoft), og 982 i låpet av to månadar. I løpet av året var 1994 lånekort aktive. Dette gjeld heile året i Brattvåg og på Vatne, Søvik frå mars,
Haramsøy frå august og Longva frå oktober.
I tidsperioden 2002-2006 var 2748 kort i bruk. Dette gjeld Brattvåg frå 2002, Vatne frå 2004, Søvik frå mars, Haramsøy frå august og Longva frå oktober.
Dette tilsvarar ikkje talet på aktive bibliotekbrukarar. Nokre par og familiar bruke eit kort. Heile skuleklassar låner på eit kort. Der er også ein god del personar som brukar biblioteket, men brukar ikkje lånarkortet.
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2006:
- Ein tok inn 1998 nye bøker i 2006, samanlikna med 1770 i 2005. Eit større budsjett, som også vart auka, samt innkjøp av billige framandspråklege bøker er forklaringen bak auken..
- 4608 bøker blei kassert i 2006, det meste ein har kassert i løpet av eit år.
- Ein tok inn 48 cdar, det færraste nokon gang.
- Ein tok inn 139 nye lydbøker . Dete er mindre
enn vanleg.
- Talet på filmar auka med 380, det meste nokon gang.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2006 |
Rekneskap 2006 |
| Lønspostar |
1.185.000 |
1.226.826 |
| Varer og tenester som inngår i produksjon |
366.000 |
1.020.213 |
| Materialer til vedlikehald |
360.000 |
519.343 |
| Moms |
105.000 |
130.668 |
| Avskrivingar |
25.000 |
25.000 |
| Inntekter |
-130.000 |
-332.567 |
| Sum netto |
1.911.000 |
1.915.769 |
Rekneskapen viser eit overforbruk på
0,24 %, eller kr. 4.768,50. Det har vore mykje sjukdom i biblioteket i
2006, og ein har ikkje hatt full vikardekning. Differansen har gått til programvare,
medier, driftsavtaler og energi.
5. PERSONALE
Det har ikkje vore endringar i personalet
i 2006. Oddbjørg Hoem og Herborg Nyland har vore vikarar store delar av året. Anna Hukova var ein frivillig arbeidstakar mellom januar og juli. Bemanninga ligg berre på 44 % av
normen, og situasjonen har vore vanskeleg i 2006 på grunn av sjukefråver.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2006:
- Biblioteket lånte inn 1039 bøker
frå andre bibliotek i 2006, ein liten reduksjon i forhold tl 2005. Det normale er ca. 900 bøker.
7. PROSJEKT OG UTVIKLING
- Biblioteket har arbeidd med filmprosjektet Bibfilm.
Dette er eit
samarbeidsprosjekt med Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørskog. Biblioteket
tok initiativet til dette, og ein fekk eit tilskot frå Norsk Filminstitutt
til trykking av materiell. Prosjektet vil fortsette ut 2007.
- Heile tre avdelingar fekk lisensar og tilgong til sentraldriftsbasen hos Norsk Systemutvikling.
- Ein prøvd ut ein lesekonkurranse som var både individuell og interkommunal. Konkurransen Sommarles fungerte bra og det vart avvikla ein velykka avslutning med forfattarbesøk, og vart det lag ein rapport.
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD
|
Dato
|
Stad
|
Aktivitet
|
Deltakarar
|
Finansiering
|
| 8. 2 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
| 4.-5.4 |
Kristiansund |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle |
Biblioteket |
| 31.8 |
Molde |
Seminar om internett og barn og
ungdom |
David Beadle
|
Biblioteket |
| |
Brattvåg |
Word og Outlook |
Bente Nogva
|
|
| 17.-18.10 |
Ålesund |
Bibliotekdagane |
David Beadle
|
Biblioteket |
| 14.11 |
Ålesund |
Norsk barnebokforum |
Bente Nogva |
Biblioteket |
| 23.11 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
9. RESULTAT FOR 2006
Trass konkurransen frå bok- og filmmarknaden har etterspurnaden vore på eit relativt
høgt nivå. Det har vore ei større utskfting av pcar og ein større framgang med å koble avdelingane til databasen enn ein kunne ha forventa. Personalet har gjort ein framifor jobb i forhold til å halde tenestenivået oppe og gjere biblioteket tilgjengeleg mange stadar. Biblioteket er avhengig av ein høg prosent frivillig arbeid, og denne situasjonen blei forverra i 2006 på grunn uvanleg mykje sjukdom.
10. PLANAR FOR
2007
Oppgåver i 2007 vil ta utgangspunkt i
Plan for Haram folkebibliotek
2005-2008. Det gjeld m.a.
- Å nå ut til potensielle nye brukarar
- Utbetringar ved Søvik filial
- Framhald av filmprosjektet Bibfilm
- Vidareutvikling av samarbeidet med skulane
- Auka bruk av elektroniske tenester for å få ressursar
til å sirkulere betre mellom brukarane
- Kassering av uaktuelt materiell.
- Nytt samarbeidsprosjekt med Rauma, Kristiansund, Sula og Herøy, samt IKA om interkommunale arkiv.
I tillegg må spørsmålet om bemanninga takast opp på nytt, og på fylkesnivået vil arbeidet med ein ny bibliotekstruktur kome i gang.
David Beadle
Biblioteksjef
den 19. februar 2007