ÅRSMELDING
2007
1. MÅLSETTING
Biblioteket har ei lovfesta målsetting: Å
fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling,
ved å stille bøker og anna materiale gratis til disposisjon til
alle som bor i landet, med vekt på akualitet og kvalitet.
2. AKTIVITETAR
2.1 BESØKS- OG UTLÅNSTAL
Nøkkeltal for 2007 er:
- Det totale utlånet gjekk opp med
0.8 % frå 47129 i 2006 til 47480 i 2007.
- Talet på besøkande i biblioteket gjekk
opp med 2,9 % frå 38101 til 39111.
- Lånet av bøker til voksne gjekk
opp med 15,4 % frå 18922 til 21842.
- Lånet av bøker til barn gjekk
ned med 17,7 % frå 15645 til 12861.
- Lånet av andre medier gjekk opp med
1.7 % frå 12562 til 12777.
- Lånet ved den enkelte avdeling frå 1972 til 2007 finn
ein her
- Med lån av andre medier meiner ein desse
medier
2.5 OM AKTIVITETSUTVIKLINGA
- Mellom 2000 og 2002 var ca. 40000 utlån årleg vanleg. Mellom 2003 og 2006 har nivået lege på mellom 44000 og 51000. 1989 og 1985 var tidlegare gode år med 40000 utlån. Det totale utlånet i 2007 var biblioteket sitt tredje høgst. Utlånsutviklinga sidan 1972 finn ein her
|
 |
- Besøksnivået har vore
stabilt i fleire år trass endringar i utlånsnivået. Talet viser at 150 var innom biblioteket dagleg i 2007. Besøk på nettsida
auka kraftig også i 2007.
|
- Utlånet av andre medier er stabil. Utlånet av lydbøker har auka kraftig, medan lånet av musikk og cd-rom tilsaman har gått tilsvarande ned.
|
- Medan utlånet av bøker til voksne har gått opp, har utlånet av bøker til barn gått ned med mellom 6 og 15 % kvart år dei siste 3 åra.
|
- Medan utlånsnivået ved hovedbiblioteket var stabilt, var der variasjonar ved filialane. Vatne filial var nære på å sette ein ny utlånsrekord, medan Lepsøy og Longva filialar hadde gode oppsving. På Haramsøy gjekk utlånet i skuletida kraftig ned, men opp for folkebiblioteket sin del. I Søvik gjekk nivået kraftig ned, etter at det gjekk ei stund før aktiviteten kom i gang etter renoveringsarbeidet. Utlånet ved Fjørtoft er
framleis lav på grunn av dårlege fysiske forhold.
|
- Utlånsnivået pr. innbuar var
5,48 for Haram og 4,34 for Møre og Romsdal. Besøksnivået var
4,52 for Haram og 3,75 for Møre og Romsdal. Dette er basert på
foreløbige, men pålitelege tal.
|
- Bruken av biblioteket pr. innbuar
totalt sett ligg på ein 7. plass, både i forhold til utlån og
besøk, blant fylket sine 38 kommunar.
|
- I forhold til storleik, ligg utlånsnivået i Haram
på ein 7. plass i fylket. Kommunen er det 7. største i fylket etter folketalet.
|
Utlånstal er eit uttrykk for
kva brukarar har brukt biblioteket til og korleis arbeidstida har vore disponert. Talet på utlån bør ikkje vere ein dominerande
styringsindikator fordi der er også sosial og annan aktivitet i eit bibliotek, og
dette kan ikkje målast.
2.6 ANDRE AKTIVITETAR
Faste aktivitetar varierer frå avdeling til
avdeling avhengig av areal, tryggleik, fasilitetar og bemanning. Generelt
utfører biblioteket desse tenestene:
- Internettilgong for publikum ved 4
avdelingar.
- Studielokale (Vatne) og eksamenslokale (Brattvåg).
- Utstillingar.
- Brukarorienteringar og klassebesøk.
- Lokalhistoriske tenester.
- Offentleg informasjon.
- Oppsøkande tenester.
- Framandspråklege tenester.
- Rådgjeving i bibliotekspørsmål.
- Depotsamlingar.
- Utlån av lokale (Brattvåg og Vatne)
Elles blei desse arrangementa organisert:
- 11. juni - 18. august : konkurransen Sommarles!
- Samarbeid med Teknologisk Institutt og
Didac om eksamen
på internett.
|
|
3 TILVEKST AV NYE MEDIERESSURSAR
Nøkkeltal for 2007:
- Biblioteket hadde ein nettotilvekst på 935 bøker i 2007.
- 937 bøker vart kassert.
- Blant andre medier, vart det ein reduksjon i innkjøpet av filmar, musikk og cd-rom og ein auke i innkjøpet av lydbøker.
- Det vart kjøpt inn eit utval bøker på polsk, som vart annonsert rundt i kommunen der polske sesongarbeidarar er innkvartet.
4 ØKONOMI
|
Budsjett 2007 |
Rekneskap 2007 |
| Lønspostar |
1.195.000 |
1.195.162 |
| Kjøp av bøker, aviser, tidsskrift og andre medier |
260.000 |
283.555 |
| Datatenester |
140.000 |
142.745 |
| Husutgifter |
202.000 |
204.682 |
| Andre utgifter |
402.000 |
377.955 |
| Sum netto |
2.199.000 |
2.204.099 |
Rekneskapen viser eit overforbruk på
0,26 %, eller kr. 5099. Det har vore mykje sjukdom i biblioteket i
2007, og ein har ikkje hatt full vikardekning. Differansen har gjort det muleg å investere i programvare,
auke mediebudsjett, dekkjer driftsavtaler og energi, og kjøpe litt inventar. Dette har vore med å halde driftsnivået oppe.
Biblioteket hadde ein redusert sum på driftsbudsjettet til inventar og utstyr, men fekk ei tilleggsløyving på kr. 203.000 til innreiing og installasjonar, hovedsakleg i Søvik, men også på Lepsøy, Vatne og i Brattvåg. Løyvinga skulle også dekkje profilering. Summen måtte også dekkje utskifting av golvbelegget i Søvik, då det viste seg å vere vanskeleg å få tidsfesta når dette kunne skje gjennom kommunen. Midlar til inventar i Brattvåg, som ikkje blei utvida etter planen, og profilering vart dermed redusert.
5. PERSONALE
På grunn av langvarig sjukdom blant pesonalet på fastlandet, har Kristin Ulstein Farstad vore tilsett som vikar. Eivind Kalvøy har også vore vikar for henne, då ho er student på heiltid.
6. FJERNLÅNSTENESTER
Nøkkeltal for 2007:
- Biblioteket lånte inn 783 bøker
frå andre bibliotek i 2007, ein betydekeg reduksjon frå 1039 i 2006. Det normale har vore ca. 900 bøker.
- Biblioteket lånte 208 bøker til andre bibliotek.
7. PROSJEKT OG UTVIKLING
- Biblioteket har arbeidd med filmprosjektet Bibfilm.
2007 var det siste prosjektåret.
- Etter å ha prøvd ut ein lesekonkurranse om sommaren i 2006, gjorde ein det same i 2007 med gode resultat. 8 kommunar deltok og fleire ville vere med. Konkurransen Sommarles fungerte bra, og lesing fekk eit positivt fokus, men var tidkrevjande.
- Biblioteket blei med i ei gruppe på fem kommunar i fylket som skal samarbeide om tilgong på originalt arkivmateriell frå det interkommunale arkivet IKA.
|
8. KURS OG MØTEVERKSEMD
|
Dato |
Stad |
Aktivitet |
Deltakarar |
Finansiering |
| 6.3 |
Ålesund |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle (innlegg) |
Biblioteket |
| 8.3 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
| 17.4 |
Brattvåg |
Excel |
Bente Nogva |
|
| 6.6 |
Bergen |
Bibliotekleiarmøte |
David Beadle (innlegg) |
Hordaland fylkesbibliotek |
| 22.6 |
Oslo |
Møte med Biblioteksentralen |
David Beadle |
Annan finansering |
| 18.10 |
Åndalsnes |
IKA-prosjekt |
David Beadle |
Møre og Romsdal fylkesbibliotek |
| 25.10 |
Brattvåg |
Personalmøte |
|
|
| 7.11 |
Brattvåg |
Regionalt møte |
Bente Nogva og David Beadle |
|
| 16.-19.11 |
Oslo |
Seminar & Filmfestival |
David Beadle |
Biblioteket/annan finansering |
| 14.12 |
Oslo |
Møte med ABMU |
David Beadle |
Annan finansering |
9. RESULTAT FOR 2007
Biblioteket har arbeidd hardt for å ta vare på tenestenivået som før. Personalet har gjort ein stor jobb for å få dette til, herunder med frivillig arbeid. Samtidig har ein gjort tilpassingar i forhold til nye utfordringar. Det har vore auka fokus på profilering, og i samband med dette har ein gjort ein stor innsats for å skape eit betre miljø ved nokre av avdelingane som treng det mest.
Ein er uroleg for nedgangen i utlånet av bøker til dei unge, sjølv om utlånet av lydbøker til denne gruppe har auka. Utlånet av bøker til denne gruppe var det lågaste sidan 2001.
10. PLANAR FOR
2008
- Å nå ut til potensielle nye brukarar
- Fullføringa av utbetringane ved Søvik filial
- Utbetringar ved Lepsøy filial
- Fornying av barneavdelinga på Vatne
- Etterlysing av saka om barne- og ungdomsbibliotekar og bemanning.
- Auka bruk av elektroniske tenester.
- Samarbeidsprosjekt med Rauma, Kristiansund, Sula og Herøy, samt IKA om tilgong på originale arkiv.
David Beadle
Biblioteksjef
den 22. april 2008