Søk og undersøk :
presentere informasjon

Eg presenterer informasjon
i form av eit bilde



Generelt | Presentasjon

Det er fleire typer bilde :
grafikk, geografiske kart, foto,
teikningar, skjema, diagram, m.m.
Du kan lage dei eller ta dei frå andre kjelder
Husk å sitere kjeldene.


Generelt

Eit bilde er plassert etter eller mot slutten av teksten det henviser til. Det bør helst ikkje stå på ei anna side.

Om bildet er stort, kan det imidlertid plasserast på ei eiga side.

Med mindre sjølve bildet er temaet, er det eit supplement til teksten, og bør ikkje dominere.

Om bildet er laust knytta til teksten, bør det plasserast bakerst som vedlegg.

Har du fleire bilde, bør du føre opp ei liste over bilda som eit vedlegg, som vert å henvise til frå innhaldssida.

Eit bilde må vere direkte relevant til teksten.

Eit bilde kan få ei kunstnerisk vurdering.

Retur til toppen

Presentasjon av eit bilde

Bildet må få ein tittel som passar.

Tittelen er plassert under bildet.

Kjelda er plassert under tittelen.

Bilda må nummererast med vanlege (arabiske) tal.

Du kan nummerere bilde på ulike måter, t.d. i serie dersom bilda danner ein serie.

Om du har mange bilde kan du nummerere dei etter kapittel.

EKSEMPEL : Det er 4 bilde i kapittel 3 : 3.1, 3.2, 3.3, 3.4


Retur til Eg presenterer informasjon  Retur til Haram folkebibliotek si heimeside  Kvar er Eg? Retur til toppen
15. juni 98