Søk og undersøk :
presentere informasjon

Eg skriv ein introduksjon



Presenterer temaet | Problemstilling | Tilnærming
Introduksjonen fortel lesaren om kva han skal lese.
Denne er om lag 10% av den samla teksten, og har som mål å vekke interesse.
 
Merkeleg nok er ikkje skrivinga av introduksjonen det første ein gjer.
Han kan bli formulert undervegs eller helst etter, eventuelt saman med konklusjonen.



Introduksjonen er delt opp i tre delar :
PRESENTASJONEN av temaet,
ei PROBLEMSTILLING,
korleis temaet skal TILNÆRMAST .

Presentasjon av temaet

Dei første linjene bør presentere temaet på ein generell måte. Såleis får lesaren vite kva han skal halde seg til. Desse linjene bør vekke interesse.

Retur til toppen
 

Problemstillinga

Temaet som skal diskuterast (som du har frå hovudideen din), samt omfanget og avgrensingar du skal ha.

Fortel lesaren om :

KVEN den gjeld (ein kjend person, ein fiktiv person, ei befolkningsgruppe);
KVA det gjeld (sida ved temaet du har valgt),
KVAR det gjeld (geografisk område og tidspunkt).

EKSEMPEL : I Norge, som i Europa elles, er det rasistiske haldningar blant ungdom. Dette er vanskeleg å forstå på bakgrun av oppsedinga til toleranse i skulen. Derfor må det vere andre faktorar som påverkar ein del av dei unge.

Retur til toppen

 

Tilnærminga

Med tilnærming meiner vi utviklinga gjennom den skriftlege oppgåva mot konklusjonen.

Utviklinga skal samsvare med innhaldssida, som er basert på planen din.

EKSEMPEL : Etter å ha vist til korleis ungdommen har vore ein aktiv del av befolkinga i Norge, både som innvandrar og utvandrar, vil eg sjå på "innvandringsspørsmålet" i Norge i dag. Dette vil eg gjere ved å påstå at dette er ikkje eit problem lenger, og eg vil vise til fleire ytringar for å underbygge dette. Seinare vil eg sjå på korleis media omhandlar saker som vedkjem invandring. Dette vil bringe oss til informasjonssamfunnet generelt, og eg håper å kunne vise til at her ligg ein årsak til at ungdom blir påverka. ...
 
 
Retur til Eg presenterer informasjon  Retur til Haram folkebibliotek si heimeside  Kvar er eg? Retur til toppen
12. juni 1998