Søk og undersøk :
presentere informasjon

Eg skriv konklusjonen



Påminning om hovedideen | Oppsummering av framgangsmåten
Standpunkt | Framtidige oppgåver
Konklusjonen er ei kort oppsummering
av ideane du har presentert i løpet av oppgåva,
idear som du tok frå hovudideen din
og som du skreiv om i introduksjonen.
Her finn du funksjonane konklusjonen din skal ha.




 

Påminning om hovudideen

Påstanden din som du meiner å ha presentert.
EKSEMPEL : I denne oppåva har eg påvist at media fortel  om brot på den offisielle politikken og lovverket, men fortel lite om kva norsk innvandringspolitikk er.
 

Oppsummering av framgangsmåten din

Fakta som støttar eller svekker argumentet ditt.
EKSEMPEL : Det er nå tydeleg at medieinnlegg ofte konsentrerer seg om dramatiske ytringar eller hendingar der temaet innvandring er sentralt. Men berre ein avgrensa del av desse handlar direkte om rasisme, og som vi har sett, har frammandfrykten i befolkninga minka.
 

Standpunkt

Formen standpunktet ditt kan ta, er avhengig av at oppgåva di utforskar noko, er ein demonstrasjon av noko, er ein analyse av noko, eller er ein samanfatning av  to like tendensar, ytringar m.m.
EKSEMPEL : Det har vore mogleg å stadfeste at den offisielle innvandringspolitikken har vore vellykka og godt gjennomført, som til dømes toleranseforståing i skulen. Ein må imidlertid vedgå at andre tiltak er nødvendige for å hindre at ungdom blir dratt inn i rasistiske rørsler. Dette krev innsikt i korleis slik ungdom blir tiltrekt av informasjonen rørslene formidlar.
 

Framtidige oppgåver

Arbeidet ditt har vore avgrensa. Verdien av arbeidet blir større om du peike ut korleis informasjonen du har formidla kunne vere noko for ein annan leser å forfølge.
EKSEMPEL : Mykje tydar på at utviklinga i informasjonssamfunnet vil tvinge fram to behov. For det første treng vi å vite meir om korleis rasistiske organisasjonar rekrutterer ungdom. For det andre vil dei unge trenge ei opplæring i korleis å vurdere informasjon på ein kritisk måte.


Retur til Eg presentere informasjon Retur til Haram folkebibliotek si heimeside Kvar er eg? Retur til toppen
12. juni 1998