Søk og undersøk :
presentere informasjon

Eg siterer andre forfattarar i teksten min

Korleis sitere ein annan forfattar
Sitat på 3 linjer eller mindre | Sitat på 4 linjer eller meir
Sitat ved å ta ut ein del av forfattaren sin originaltekst
Notat til forklaring

I eit prosjektarbeid
er det nødvendig å vise til kjeldene til informasjonen du oppgir.
Kan hende andre vil lese meir i kjeldene dine.
Ein siterer for å poengtere noko spesielt
eller vise til at du er samd i ein annan sitt synspunkt.

Korleis sitere ein annan forfattar

Dersom det gjeld eit ord for ord sitat, skriv kjelda rett etter sitatet i teksten din.

Namnet på forfattaren/ane/organisasjonen, året og sidetala er nok.

Skriv tittelen i staden for forfattaren når den sistnemnde manglar.

Du kan presentere sitat på ulike måter.
     EKSEMPEL :

Som Holmeset seier (1995, s. 34-35), « Vi har rasistiske tendensar alle saman ... ».
Ein ventar at prosenten av det vi kaller innvandrarbefolkninga vil auke med 2,5 % innan år 2000 .. (Oslo, Utlendingsdirektoratet, Innvandringskomiteen, 1993, s. 12).
Ei meiningsmåling viser (NOP, sept. 1995, ) at "framandfrykt" ikkje er redusert blant dei eldre dei siste...

NB!

Det er lærestaden din som bestemmer sitatreglane. Den "klassiske" metoden er :
Sitat blir etterfølgt, I TEKSTEN, av eit nummer (utheva eller i parentes), som svarar til bibliografien i slutten av arbeidet ditt.
Bibliografien er då nummerert.

Retur til toppen

Korte sitat : 3 linjer eller mindre

Desse sitata blir bygd inn i teksten din, også grammatisk.

Dei skal stå i "hermeteikn".

Dei er etterfølgt av sitatnummer, som viser til den bibliografiske referansen på foten av sida: ein fotnote.

Retur til toppen

Lange sitat : 4 eller fleire linjer

Desse sitata skal stå i eit avsnitt for seg sjølv i teksten. Venstre og høgre marg skal vere 5 punkt smalare enn resten av teksten.

Sitata står i skråskrift.

Ein bruker ikkje hermeteikn.

Kvart sitat får eit sitatnummer, som i tilfellet for korte sitat viser til ein nummerert bibliografi som følgjer etter teksten.

Retur til toppen

Eg tek ut ein del av forfattaren sin originaltekst når eg siterer han

Dersom ein del av forfattaren si formulering er unødvendig for deg, kan denne delen erstattast med punktum i blokk parantes [...].

Delen du tek ut kan også stå i begynnelsen eller slutten av sitatet.

EKSEMPEL : Faktisk, « [...] meda tid blir innvandrar sett på som innfødde når dei snakkar ein lokladialekt flytande. »
Retur til toppen

Notat (til forklaring)

Du kan, som fotnote eller i slutten av arbeidet ditt, skrive korte notat som du meiner vil hjelpe lesaren, men som virkar feilplassert i teksten.
EKSEMPEL : "Denne statistikken er bevis nok for at rasediskriminering er vesentleg redusert i Norge i 1990, men tilsvarande statistikk frå andre nordisk land, som er basert på offentlege undersøkingar, viser at vi er åleine om denne forbetring."

 


Retur til  Eg presenterer informasjon   Gå til Haram folkebibliotek si heimeside Kvar er eg? Retur til toppen
6. juni 1998