Målet med ei slik
orientering er å vise deg «SØKEMETODIKKEN»
du vil ha fordelen av å kunne, når du får oppgåver
som krev at du skal finne informasjon sjølv.
Det er mange ulike INFORMASJONSKJELDER
i eit bibliotek: leksika, ordbøker, bøker, aviser, tidsskrift,
audiovisuelle dokument m.m.
Informasjonen blir lagra
i dokument av ULIKE FORMER : trykte ord, CD-ROM, film, diskett, m.m..
Mange av informasjonskjeldene
kan du LÅNE med deg heim.
I nærleiken til oppslags- og referanseverk
som ikkje kan lånast ut (atlas, leksika), skal det vere STUDIEPLASSAR,
slik at du kan arbeide med informasjonskjeldene på staden.
Biblioteka har LÅNEREGLEMENT, som t.d. Haram folkebibliotek sine.
Alle må følgje lånereglementet, for biblioteket er
ein kollektiv ressurs.
Biblioteket kan kopiere
frå kjelder som referanseverk og internettbasar, men du må
vere forberedt på å betale for kopiar og uskrifter.
Ut over grunnopplæringa
du får eller har fått på skulebiblioteket, kan du forvente hjelp frå
personalet i andre bibliotek i situasjonar som er nye for deg.
Katalogen er som oftast
automatisert i ein database. Opplysningane om informasjonskjelda er tilgjengelege
ved å søke etter forfattarnamn, titlar og/eller emne (som tilsvarar
nøkkelorda dine). Ein automatisert katalog vil gi deg fleire søkealternativ
enn desse.
I mange
land bruker folkebibliotek og skulebibliotek Dewey
klassifikasjonssystem for å gi kvar informasjonskjelde ei "adresse"
i biblioteket, for å gjere det lett og raskt å finne informasjonen.
I informasjonssamfunnet
har det blitt meir innvikla å finne fram til den rette informasjonen.
Derfor har du krav på opplæring i SØKEMETODIKK
(IT-kunnskap).
Du kan vurdere på
nytt søkemetoden din. Prøv alternative NØKKELORD i
katalogen. Vis gjerne personalet akkurat kvar du køyrde deg
fast. Dette vil hjelpe dei å forklare.
Dokumentet du søker
kan vere UTLÅNT. Du kan reservere det. Går du på skule,
kan det hende at skulen allereie har RESERVERET dokumenta til elevane sine i forvegen,
for å vere sikker på at alle har tilstrekkelege informasjonskjelder
til rett tid. Du kan reservere eit dokument og forvente det seinast innan
4 veker, sidan dette er den normale utlånstida. Automatiserte katalogar
vil ofte fortelje deg om dokumentet er utlånt eller reservert.
Når du finn at
biblioteket ditt ikkje har eit dokument, kan du be om at boka blir vurdert
kjøpt inn.
Dersom ingen av
biblioteka (t.d. høgskulebiblioteket, folkebiblioteket, skulebiblioteket)
har dette eller eit likeverdig dokument, og heller ikkje er villige til
å kjøpe det, kan det i visse tilfelle skaffast gjennom eit
INTERBIBLIOTEKLÅN system. I motsatt fall må du vurdere å
endre temaet.
I samband med SKULEREFORMAR
skal alle skulebibliotek ha tilleggslitteratur
for å dekke ein rimeleg etterspørsel etter informasjon til
prosjektarbeid. Dermed kan du sjå i hyllene for å få
ein idé til eit alternativt tema.