Søk og undersøk :
informasjonskjelder :
søkevertøy

Eg lærer om søkemetodikk
for å finne informasjon på PC og internett

Eg må huske noko elementært om informasjonssøking
Eg kombinerer nøkkelord med boolske operatørar
Eg famnar opp fleire like nøkkelord ved å trunkere hovednøkkelordet
Eg skil om nødvendig mellom store og små bokstavar
Kan eg bruke norske teikn?
Eg ser på eit illustrert eksempel på boolsk søking

Elementært om informasjonssøking.

Her er nokre grunnreglar for søking i databasar basert på søk med nøkkelordet BRASIL :
 Det rette nøkkelordet:
  • I ein liten bibliotekbase går det an å bruke nøkkelordet Brasil.
  • I ein stor bibliotekbase vil du få for mange treff.
  • I ein søkemaskin på internettet, du kan ikkje søke på eit land utan vidare. Søkinga di blir ineffektiv og tidskrevjande for deg og for eigaren av terminalen.
 Gjer søkinga meir effektiv :
  • Du må lære om søkemedtodikken på resten av denne sida for m.a. å kombinere nøkkelord.
  • Du må bli kjend med katalologbasert søkeing på internettet som for eksempel gjennom Yahoo!. Vel Regional -> Countries -> Brazil -> og deretter temaet om Brasil som interesserer deg.
  • Du kan sjå om biblioteket ditt har ein temabasert inngang til internettadresser som for eksempel Reiseliv eller Offentleg, som vil henvise henholdsvis til Brasil som reisemål eller Brasil sitt styresett.
  Staving og val av språk: Brasil er norsk, dansk og svensk, men ikkje engelsk eller portugesisk.


Retur

Boolske operatørar

Når du søker etter informasjon ved å bruke nøkkelord, får du oppgitt dokument som er nøyaktig tilpassa temaet ditt. Boolske operatørar gjer søkinga meir fleksibel ved å kombinere nøkkelord. Du utnyttar informasjonsteknologien ved å gjere variasjonar i søkinga.

Dei tre boolske operatørane er OG, ELLER og IKKE.
Eksempel på enkle søkestrategiar :- ordet skinheads er utbredt,  men engelsk. I offentlege dokument kan snauskallar bli brukt. Søk med «skinheads AND snauskallar» vil gi deg eit betre søkeresultat.- «immigrant ELLER innvandrar» vil gi deg dokument som inneheld ordet  «immigrant» ELLER ordet «innvandrar»;- «innvandrar IKKE asylsøkjar» vil gi dokument med «invandrar», men ikkje dokument med ordet «asyslsøkjar» i.

På engelsk er dei tre operatørane  AND, OR, NOT.Du kan også møte AND NOT og BUT NOT for IKKE.
 
Retur til toppen

Trunkering

TRUNKERING er oftast brukt i bibliotekkatalogar på PC og internettet for å erstatte endingar på ord, for å utvide søket. Ei stjerne (*), eit spørsmålsteikn (?) eller eit   nummerteikn (#) er dei mest vanlege teikn. Eksempel : innvandr? vil gje variantar på bokmål og nynorsk av den bestemte artikkel, fleirtal og eintal, samt tilsvarande variasjonar av substantivet: innvandrere, innvandrarar, innvandring, innvandringspolitikk m.m.

TRUNKERING ved bruk av kjende søkemaskinar på internett : Berre AltaVista og Northern Light har denne moglegheit. AltaVista: * trunkerer med inntil fem teikn, ** med fleire teikn. Northern Light trunkerer generelt med *, og med % for å markere eit teikns variasjon. Desse og andre søkjemaskonar kan du nå i oversiktsform gjennom Haram folkebibliotek si Søkemaskinside, men her er ei liste over dei viktigaste: Lycos  HotBot  AltaVista, eventuelt gjennom norsk Kvasir   Excite Northern Light


TRUNKERING ved bruk av bibliotekkatalogar på PC og på internett :

PC:

Windows baserte katalogar på PC treng ikkje trunkeringsteikn. Eksempel: Skriv du indian i søkefelta for titte, emne eller fritekst, vil du få opp alle alt om indianarar. Skriv du Hans i søkefeltet for forfattar, vil du kunne verifisere stavinga av "Hans(s)e(o)n" som du så etter. Eldre DOS baserte katalogar trunkerer berre med *.

Internett:

Norske bibliotekatalogar på internett kan bruke ? (eks. BIBSYS) eller * (eks. Haram folkebibliotek. Ålesund bibliotek). Bruker du ? i staden for *, vil dette oppfattast som ein stavefeil og vil gi deg ei treffliste med "nære søkebegrep". Dette hjelper deg å verifisere stavinga.



Retur

Store og små bokstavar

Internett: AltaVista, HotBot og Infoseek gjer forskjell på store og små bokstavar. Med små bokstavar kan ein søkjer på alt. Bruker ein derimot ein stor bokstav i søkinga, blir både store og små signifikante.
Bibliotekkatalogar: Internettbaserte og PC baserte bibliotekkatalogar gjer ikkje forskjell på store og små bokstavar.


Norske teikn

Internett: Dei fleste søkemaskinar taklar norske teikn. Northern Light gjer ikkje det. Å skrive om Møre til More hjelper ikkje her.
Bibliotekkatalogar: Skandinaviske bibliotekkatalogar på internett og på PC taklar naturlegvis norske teikn.



 

Illustrert eksempel  på boolsk søking

Boolean searching. Eksempelet på 3 sider illustrerer kva ein meiner med boolsk søkjing. Dette ordet vil du møte når du bruker søjemaskinane. Nå veit du kva det betyr og korleis du bruker dette hjelpemiddel for å få meir relevante treff.


 
Retur til Eg gjer med kjend på biblioteket Retur Haram folkebibliotek si heimeside Kvar er eg? Retur til toppen
19. mai 1998