søk og undersøk :
informasjonskjelder :
bibliotek

Eg gjer meg kjend med 
informasjonskjeldene

 
 
Om generelle oppslagsverk 
 
Om andre typer oppslagsverk  Spesielt om bibliografiske oppslagsverk 
Kvar er oppslagsverka plassert?  Eg har informasjon eg vil søke  
MEN eg veit ikkje kva for oppslagsverk eg treng. 
Eg ser etter bøker  Oppslagsverk på internettet  Offentlege dokument
   Avisartiklar     Tidsskriftartiklar    Audiovisuelle dokument
Du veit ikkje kvar du skal begynne?
Eit oppslagsverk er den beste staden å begynne.
I større biblioteket er det ofte eit stort utval.
Finn fram til referanseavdelinga der oppslagsverka er.
Kjenner du nokon av dei frå før?
I større bibliotek må ein spøjre om hjelp
frå personalet i referanseavdelinga.
Referanseverk kan kome i fleire former.
For tida finst det oppslagsverk i bokform, på CD-ROM eller
på internettet


Oppslagsverk er generelt delt mellom

1. generelle oppslagsverk med fakta

2. verk med bibliografiske oppslag

1. GENERELLE OPPSLAGSVERK (faktaoppslag)

  Desse verka inneheld fakta i form av korte, presise opplysningar - alt frå eit folketal til ei politisk orientering. Eksempel kan vere rutetabeller,  statistikk, oppfinnarar etc. Vel oppslagsverket som passar.

Dei mest vanlege oppslags- eller referanseverk er : ordbøker, leksika, atlas, årbøker og katalogar. Generelle oppslagsverk inneheld fakta om alle emne. Nokre oppslagsverk er temabasert og dekker eit fag, som t.d. eit medisinsk leksikon, eller ei årbok for ein idrett.

   Som for all informasjonssøking i eit bibliotek, må ein bruk ein katalog for å lokalisere verket. Idag er ein katalog lektronisk, og ein vel ein søkeinngang: emne, tittel, forfattar eller ein kombinasjon av desse. For generelle oppslagsverk kan ein søke under leksika. For å utnytte katalogen best som søkeverktøy må ein bruke boolske operatørar: t.d. Mexico OG samfunnsanalyse

2. BIBLIOGRAFISKE OPPSLAGSVERK (med henvisingar til fleire informasjonskjelder)

  Bibliografiar er nøklar til andre dokument (bøker, tidsskriftartiklar, avisartiklar, offentlege rapportar, videofilmar, CD-ROM etc.) Gode fagbøker har ein bibliografi bakerst i boka. Dette er ei liste over andre dokument om det same temaet. Dermed er det ei viktig kjelde. I lærebøker kjem denne lista ofte under ei overskrift som: Vil du vite meir.

  Ein BIBLIOGRAFI gir bibliografiske referansar (forfattar, tittel, dato, m.m.) til dokumenta, slik at du lettare kan søke etter dei i katalogbasar.

  Ein ANALYTISK BIBLIOGRAFI er det same som ein bibliografi, men har i tillegg stikkord, nøkkelord og eit samandrag om  innhaldet i dokumentet, slik at du kan sjå nøyaktig om dokumentet er noko for deg.

  NB! : Bibliografiar fortel om dokumenta. Det betyr ikkje at biblioteket har dokumenta, men ta vare på dei bibliografiske opplysningane dersom du vil at biblioteket ditt skal skaffe dokumentet. Søk i biblioteket sin katalogbase først.

 

Kvar er oppslagsverk og referanseverk plassert?

NB! Referanseverk kan ha eit merke på ryggen, som til dømes «R» eller eit gult band. Dette kan kome i tillegg til dokumentet si "adresse" på hylla, adressa som katalogen henviser til.
Referanseverk med «R» eller tilsvarande merking må brukast i biblioteket, og er såleis ikkje til utlån. Det skal vere leseplassar like ved.
Andre referanseverk kan vere plassert saman med bøkene for øvrig, og kan lånast.
 

Typer oppslagsverk
Eg har informasjon eg vil søke, MEN eg veit ikkje kva for oppslagsverk eg treng.

Eg ser etter  bøker | avisartiklar | tidsskriftartiklar | offentlege dokument | audiovisuelle dokument

Eg ser etter informasjon på internettet


Retur til Eg finn informasjonskjelder Retur Haram folkebibliotek si heimeside Kvar er eg? Retur til toppen
14. juli 1998