
Sjå i katalogen under "Forfattar", "tittel" eller "emne". Dette kan du gjere på alle bibliotek. Gjennom internett kan du sjå i fleire bibliotek sine katalogar.
Du kan også søkje informasjon ved å skrive eit nøkkelord i "fritekst-" eller "alt-" søkefeltet. Ofte må du første velje "Enkelt søk" eller "avansert søk" for å få opp desse søkefelt.
Noter nummeret til venstre på skjermbildet for den enkelte boka. Fagbøker har adresser på bibliotekhyller basert på eit klassifikasjonssystem som heiter Dewey.
Bøker merka "utlånt" i søkekatalogen kan du reservere. Dersom det står "på hylla" er ikkje dette ein garanti for at boka er på hylla. Gjennom internettet kan du hos mange bibliotek reservere boka frå katalogen via e-mail eller ved å følgje reserveringsprosedyren. Du kan også be personalet reservere boka til deg, nå du veit kva for ei bok du er interessert i.
NB! : adressa til oppslagsverk kan vere den same som for bøker til låns, men desse er plassert på ein annan stad.
Alle bibliotek samarbeider om å skaffe bøker til deg.
Vil du skrive om ein roman eller ei fortelling som handlar om eit tema, vil du finne forslag i Bibliotektilsynet sine rettleiande lister. Under "Søk" kan du søke på temaet ditt. Under "Emne" kan du kontrollere kva for emneord som er brukt. Du må bruke desse emneord.
Dersom du er ein elev, er det lister over "tilleggslitteratur" som skulebibliotektenesta i ein kommune bør ha til prosjektarbeid. Her er ei slik over tilleggslitteratur med rasisme som eksempel på tema frå 5. kl. og ut vidaregåande skule.
avisartiklar
| tidsskriftartiklar | offentlege dokument
| audiovisuelle dokument
Eg
ser etter bøker på internettet