Stortingsmelding :
St. meld. nr. 17 (1996-97) Om innvandring og det
flerkulturelle Norge. Denne meldinga frå eit regjeringskontor
(her Kommunal- og arbeidsdepartementet) til Stortinget fortel om situasjonen i landet. Ho er på 95 sider, med statistikk og framlegg til mål
og tiltak mot rasisme. Du kan vurdere og ta stilling til innhaldet. Samandraget
er på 7 sider.
Tiltak
for barn og ungdom : regjeringa si mål og innsatsområder
i statsbudsjettet 1998. I dette dokumentet frå Barne- og familiedepartementet
kan du sjå om det har vore løvyd midlar i Stortinget til tiltak
mot rasisme. Du kan kritisere prioriteringa dette har fått i høve
til andre ting. Det er lettlest og er på 125 sider.
Bistandsbudsjettet
1998. Her presenterer Utanriksdepartementet korleis Norge løyver
pengar til økonomisk og humanitær stønad til utviklingsland.
Det er på 26 sider med statistikk og bilde og ein lettfatteleg presentasjon
dersom du har behov for å trekke inn argument i arbeidet ditt.