Søk og undersøk :
informasjonskjelder :
bibliotek
 
 

Eg ser etter 
tidsskriftartiklar

kvar er tidsskrifta  |  korleis finne artiklane eg treng
 
 
Tidsskriftartiklar er spesielt viktige informasjonskjelder
når det gjeld  synsvinkelen på eit tema.
Men korleis finn ein tidsskriftartiklar ?
Du må bruke nøkkelord, som for andre dokument,
for å søke i katalogbasar
i biblioteket eller gjennom internettet,
evnt. også gjennom CD-ROM i nett.
 
 

Kvar er tidsskrifta i biblioteket ?

FERSKE tidsskrift blir plassert på utstillingsstativ, ofte saman med offentlege dokument. Desse blir plassert saman fordi dei er PERIODIKA : det kjem ut periodevis (månadleg, årleg, uregelmessig).
 
  Tidlegare årgangar kan vere innbundne, og står på hyller eller i magasinet. Katalogbasen vil gi deg ei oversikt over tidsskrift biblioteket ditt abonnerer på og for kor lenge.
  Biblioteket vil ofte kunne formidle tidsskriftartiklar som biblioteket ikkje sjølv abonnerer på.
 
 

Korleis og kvar 
skal eg søke etter tidsskriftartiklar

   Tidsskriftartiklar i bibliotek er tilgjengeleg gjennom katalogbasen for biblioteket. Sjå etter om tidsskriftartiklar er katalogisert i ein annan base enn bøkene. Noter namnet på tidsskriftet, årstalet, heftenummeret og sidetal. Gå til tidsskriftavdelinga.

     Biblioteket kan i tillegg ha tilgang til ein norsk artikkelbase som Databasen Norart, eller til internasjonale basar som EBSCO. Ved hjelp frå personalet kan du gjennom desse skaffe artiklar frå andre kjelder.

  På høgskulebibliotek  som abonnerer, kan ein via nettverk få oversikt over internasjonale tidsskriftartiklar på CD-ROM.
 

 

Andre informasjonskjelder :

 oppslag- og referanseverk | bøker | avisartiklar | offentlege dokument    |  audiovisuelle dokument

Eg ser etter tidsskriftartiklar på internettet
 


Retur Retur til heimesida Kvar er eg? Retur til toppen
29. mai 1998