Målsetting
Haram folkebibliotek hadde
lesestimulerling som eit plantiltak og ville prøve ut ein konkurranse om
sommaren. Målsettinga var å understreke lesing som fritidsaktivitet.
Sommaren er tidspunktet på året når dei unge har mest fritid og organiserte
fritidsaktivitetar er ofte redusert. Derfor var sommaren det beste tidspunktet
i forhold til målsettinga.
Det var ønskjeleg å bruke internett som
knutepunkt. Deltakarane kunne såleis
følgje med konkurransen dagleg, uansett kvar dei tilbrakte ferien og las. Bruken av
internett opna for ein konkurranse mellom bibliotek.
Tidsramme
|
Idéen om ein
lesekonkurranse om sommaren blei lufta i Møre og Romsdal i februar 2006,
utan respons. I mars kom snøen og i april blei ikkje det avsett nok tid
til ei drøfting av temaet på bibliotekleiarmøtet. Haram bestemte seg
derfor for ein individuell konkurranse i kommunen. 27. april tok Hareid
imidlertid kontakt om dette, og kort tid etter gjorde Stordal det same.
Då blei tiltaket meir spenannde med ein gong. Arbeidet med den interkommunale
konkurransen kom skikkeleg i gong 14. mai,
med ei ferdigskissert heimeside klar kort tid etter. Konkurransen vart
omtala på fylkesbiblioteket si heimesida, der ein fjerde kommune vart
etterlyst. Ingen tok utfordringa, og i ettertid viste det seg at tre
kommunar var nok i forhold til arbeidet. Tidsramma for
konkurransen var 10. juni til 20. august, slik at biblioteka og
eventuelle filialar kunne komme i gang før, og summere opp etter
skuleferien. Likedan ville ein også sikre omtale i skulane før ferien.
Den siste dagen, 20.
august, var ein søndag. For dei som meldte inn kva dei hadde lese i
biblioteket var den effektive fristen 18. eller 19. Resultata vart klare
22. august. 5. september vart
diploma og pokalen ferdigproduserte og sendt til dei aktuelle biblioteka. Biblioteka hadde
avslutningar i september, og dette året var det fortsatt sommar då. |
|
|
Under
tidenes finaste sommar på Nordvestlandet las vi ute, som på platten
utanfor Vatne filial i Haram. Frå venstre ravn (vinnar 3. plass), stine,
rebekka og thea. |
Det er like før manin
og nane siktar inn på De tøffeste gutta på øverste hylla i
Brattvåg, Haram |
Haram hadde ein
modell for konkurransen og laga ei nettsida. Dette og poengsystemet blei
vurdert av Stordal og Hareid. Det
skulle vere eit prøveprosjekt. Derfor ville ein
heller ha kortfatta generell informasjon som kunne justerast/tolkast
undervegs, i staden for mange detaljar før konkurransen tok til. Avgrensa
detaljstyring frå arrangørane og minimal drøfting, samt få spørsmål
frå deltakarane gjorde at ein hadde overskot til sjølve konkurransen. Når alle hadde meldt inn kva ein hadde lese innan fristen, og vinnarane
var klare, drøfta biblioteka premieutdelinga og dei praktiske detaljane
rundt dette. |
|
Når heimesida med
logo vart ferdig, laga ein plakatar om konkurransen med logoen ved Hatlehols
trykkeri i Brattvåg. Desse vart distribuert til skulane og hengt opp
elles i dei tre kommunane ca. 5. juni. Informasjonen på plakatane vart
kopiert lokalt ved dei deltakande bibliotek i mindre format som flygeblad.
Det vart laga to sett med bokmerke. Eit med påmeldingsinformasjon og eit
med innmeldingsinformasjon (innmelding av kva ein har lese). Bokmerka og
flygebladet vart å finne som nettsider, slik at ein kunne kopiere desse
ved behov. All informasjon henviste til heimesida for konkurransen. I Stordal var
responsen i skulen veldig positiv. I Hareid besøkte bibliotekleiaren nokre
klassar. I Haram vart konkurransen omtalt i nokre klassar, men plakatane
vart ikkje hengt opp. I Hareid blei plakatar hengt opp i butikkar, møtestadar
og skular. Avisedekninga var
veldig positiv. Ein omtale av
konkurransen vart sendt til fem aviser Desse hadde omtaler under eller etter konkurransen: Sunnmørsposten
(Intervju og bilde av 4 deltakarar ved Vatne filial i Haram), Bygdebladet
(større artikkel og stort bilde av vinnaren, stor artikkel om
avslutningen i Haram), Storfjordnytt hadde eit stort oppslag om sølvvinnaren, Haramsnytt (1 artikkel med bilde om oppstarten, 1
artikkel med logo og situasjonsrapport, 1 heilside med foto/intervju av
vinnaren og kommentar frå bibliotekleiar, samt stort oppslag om avslutningen
med forfattarbesøk), Vikebladet hadde ein stor artikkel om avslutningsmarkeringa
med bilete av nokre av deltakarane. Dette stod også i nettavisa til
Vikebladet. Konkurransen vart
omtalt på kommunale heimesider, og i Stordal var dette spesielt godt. |
|
|
Ein gjeng frå Hareid
ved avslutninga i biblioteket. Her er rakel, krøll, natalie, katrine og
ei til, samt bak abi. abi fekk best plassering i Hareid og las 129 bøker, medan katrine
vant konkurransepremien. |
Påmelding
|
|
Alle som går på
skule kunne melde seg på. Alderen på
deltakarane var frå ferdig med 1. klasse og fram til 13. klasse. Dei
kunne melde seg på slik: a. Ved biblioteket. Ein oppmoda
dei unge i biblioteket å vere med i konkurransen. Det gjekk ofte
ein skilnad mellom søsken og vennar : nokre ville absolutt vere med,
andre ikkje. Påmeldingar på mail og sms
fungerte heilt problemfritt. |
|
SuperSynne, |
Påmeldingsstatistikk:
| Kommune | Folketal | Påmeldt i biblioteket | på mail | på sms |
Påmeldte totalt |
| Stordal | 966 | 37 | 3 | 0 | 40 (derav 9 gutar) |
| Hareid | 4670 | 16 | 3 | 0 | 19 (derav 6 gutar) |
| Haram | 8733 | 63 | 12 | 3 | 78 (derav 13 gutar) |
Ein hadde ingen idé om kva
responsen ville bli. Ein vurderte det slik at biblioteket er både mindre
tilgjengeleg og rolegare om sommaren, slik at responsen ville sannsynlegvis bli avgrensa, og derfor ville det bli ei overkommeleg oppgåve å prøve ut idéen.
Ein måtte likevel ha eit system
for å ta unna ein stor respons. Responsen var alt i alt tilfredsstillande.Forventingar frå arrangøren si side
Kva ein kunne lese - tilgongen på bøker om sommaren
I følgje informasjonen på
nettsida vart det sagt at ein kunne lese bøker/lydbøker utgjevne av eit
forlag. Det var aldri spørsmål frå deltakarane om noko anna.
Biblioteka vurderte om berre bøker lånt ved eit bibliotek ville gjelde. Dette gjekk ein vekk frå
fordi:
- Denne regelen kunne virke negativt, sett i
forhold til at sommaren er ei tid å vere fri. Tilbakemeldingar frå
deltakarne tydar på at ein fekk tak i bøker slik: - I biblioteket
- Kommunane har
reduserte/kraftig reduserte opningstider om sommaren
- Det er andre kjelder til gode bøker enn biblioteket.
- Gjennom ei anna avdeling
av biblioteket
- Vennar
- Eigne bøker som ein
ikkje hadde lese
- Familien
Innmelding om kva ein hadde lese
|
Alle tilbakemeldingar
blei sendt til ein person i Haram, som lasta opp resultata på nettet. Ein
ba deltakarane om å melde inn koden sin + isbn slik: 1147
Dette er også
informasjonen Hareid og Stordal sendte til Haram for innmeldingar over
skranken ved desse biblioteka. Ca. 65 % blei meldt
ved innlevering av bøker i biblioteket Merknadar: - dei unge var
imponerande flinke til å skrive riktig isbn - ca 25 feil ut av 1600 bøker |
|
|
Optimale lesevilkår for marit og Eoin |
|
Ein kunne få mellom
1 og 10 poeng pr. bok. 9 poeng er det høgste som vart utdelt for ei bok.
Nokre deltakarar fekk 1 poeng for ei bok. Det var vanskeleg å vere 100 %
konsekvent, men ein meiner at poeng vart tildelt med omhu. Ein ga ikkje
detaljert informasjon om utrekning av poeng, og spørsmål om dette var svært
få. I utgangspunktet fekk
ein 5 poeng for å ha lese ei bok, og fagbøker og skjønnlitteratur var
likestilt. Deretter fekk ein færre eller fleire
poeng ut frå følgjande kriteria: - Alder
: Alder på deltakar i forhold til alder på bok - (b, bu etc) - Språk : Ein
fekk eit ekstra poeng for å lese ei bok på engelsk (eller annet
språk i grunn- og vg- skule om dette hadde vore aktuelt). - Lengde :
Over 400 sider (i praksis over 380 sider) ga 1 ekstra poeng, 600
sider 2 poeng, 800 sider 3 poeng. - Illustrasjon
: Det blei trekt eit poeng når boka var i stor grad illustrert. Biletbøker
vart vurdert som på eit nivå inder "b". Peikebøker vart
vurdert som to nivå under "b". Hvis peikeboka hadde ord, men
ikkje setningar, eller ingen ord, tilsvara dette 3 nivå under
"b". - Seriebøker
blei likestilt med vanlege bøker. Dermed kunne ein "mu"
deltakar får eit ekstra poeng for "Skjebnevalg",
"Skjebnestund", ”Skjebnetid” og til og med
"Skjebnenatt". Eksempel på
utrekning av poeng : Ein ”mu-ar” las den femte boka om Harry Potter
og fekk i utgangspunktet 5 poeng. Boka har over 800 sider, som ga 3
tilleggspoeng for lengde, 1 minuspoeng på grunn av nivå (”u”),
og 1 tilleggspoeng for å ha lese på engelsk. |
|
|
|
The winner takes
it all, i alle fall 2 bind av Christopher Paolini på engelsk à 650
sider, noko som gjer at lisauh er fornøgd med laurdagsfangsten. |
Utfordrande område ved
tildeling av poeng:
1. Teikneseriar. Først
vurderte ein å ikkje ha med teikneseriar, men dette endra ein for å oppmode dei som
berre les teikeseriar til å delta. Nokon sendte imidlertid inn
ei lang liste over teikneseriar ho hadde lese. Ho ville ha gått rett til topps
ved å lese teikneseriar, men ho er ein sterk lesar av tekst. Dermed måtte ein
dele ut mange minuspoeng for å få henne til å lese noko anna. Dette inneba
ein del ”styring” frå arrangøren si side.
2. Frammandspråk. Første
tenkte ein å gi ekstrapoeng for å ha lese på eit annet språk enn morsmålet.
Det var greit å gi poeng for å lese engelsk, men nokre innvandrarbarn kan lese
norsk like godt som innfødte barn. Det er derfor viktig å skille mellom
frammandspråkleg og tospråkleg. Det visast t.d. til to bosniske 14-åringar
som snakkar bosnisk seg i mellom i biblioteket og går ut med mursteinar på
norsk under armane. I visse tilfelle fjerna ein denne fordel når ein
deltakarar viste seg tidlegare under konkurransen å vere sterk i norsk . Dette
var eit annet eksempel på ”styring” frå arrangøren si side.
3. Lettlese bøker.
Desse gir svake lesarar ein sjanse å vere med i konkurransen. Eit problem
oppstod då ein deltakar hadde ei god plassering på grunnlag av vanlege bøker
i forhold til alderen, og så tok til å lese berre lettlese bøker i
innspurten.
Dette er eit eksempel der
”strying” kunne ha vore aktuelt.
Ein blei
godt kjent med kva den enkelte deltakar las, ved å
knytta brukarnamnet til ein viss leseprofil når ein vurderte poeng. Dette gjorde at ein kunne bedømme
poeng betre. For eksempel, ein relativt ung "bu"-lesar las ei ”u” bok som var ganske
lang og vanskeleg i forhold til det ho hadde lese tidlegare i konkurransen. Ho fekk
med glede eit
ekstra poeng til.
Ein ga ikkje noko rettleiing om korleis å samle mest muleg poeng, og det var det aldri stilt spørsmål om. Ein fekk spørsmål om korleis poenga vart utrekna, men ein ga ikkje detaljerte svar.
I eit tilfelle oppmoda ein til å
satse på bøker i ei meir naturleg aldersgruppe i forhold til alderen. Dette
gjaldt ein lesar som las mykje på eit mykje lågare nivå enn alderen tilsa.
Lydbøker telte på line med bøker, og ei mor lurte på om å lese til barna var i orden. Dette blei ikkje besvart direkte. Ein oppmoda til å bruke konkurannsen for å få barn i skulealder til å lese sjølve.
|
|
Ein oppdaterte to nettsider. Ei ga biblioteka ei oversikt over den enkelte deltakar, påmeldingsinformasjon og tildelte poeng for den enkelte bok. Ei anna side var for deltakarane, der deltakaren kunne følgje med resultata av innsatsen sin. Tabellane vart oppdatert dagleg, som oftast seint på kvelden når alle dagens meldingar vart mottekne. Kl. 00.00 var eit favoritt klokkeslett. Det var ikkje oppdatering mellom 23. og 26. juni. Dette hadde
eit negativt resultat: Talet på innsendingar falt i løpet dei påfølgjande
dagane, men tok seg opp igjen. Deltakar-tabellen var derfor ein viktig del av konkurransen. For nokre var det kanskje kjekt å kunne seie i frå
til nokon om at ein hadde lese ei bok, og få det lagt merke til. Deltakar-tabellen
blei lang og vart seinare delt opp i divisjonar. Dette så ut til å vere meir
”morsomt”. Det blei vurdert å bruke pilar (som på VG-lista), men med
over 100 plasseringar som endrar seg kvar dag, ville dette bli for mykje
arbeid. VG-lista endrar på 40 plasseringar ein gong i veka. Tabellen blei ikkje
oppdatert dei siste 24 timar av følgjande grunnar: - Det kunne auke
spenninga for dei ivrigaste |
|
Muntre jenter ved biblioteket i Stordal. Til høgre
SuperSynne som |
Ja, definitivt.
På nokre område hadde biblioteka ein viss kontroll. Rundt 65 % av bøkene blei
levert inn over skranken. Det kan hende
at bruken av isbn i meldingsinformasjonen i staden for tittel ga inntrykk av ein seriøs arrangør.
Når det gjeld innsending
pr. mail og sms, fekk ein som nemnt godt kjennskap til kva den enkelte las.
Dette og måten deltakarane sendte inn meldingane på gjorde at ein trudde at
dei alle fleste, og spesielt alle som las mykje, las bøkene dei meldte inn. Den enkelte lesar hadde eit mønster
(tal på bøker pr. melding/innmeldingsfrekvens, bokval) som verka truverdig.
I følgje rettleiinga på
nettet kunne ein foreløbig prisvinnar bli stilt spørsmål om ei bok vedkomande hadde lese. Dette vart lagt
merke til, men aldri nødvendig. Stordal si 2. plassering var godt kjent i
biblioteket. Hovedbiblioteket i
Haram kjente ikkje vinnarane i kommunen, då dei bruker filialar i Søvik og på
Vatne, men vi var i
kontakt med aktuelle lærarar, og dei hadde ein imponerande lånestatistikk i
databasen.
Når ein er 10-12 år gamal,
kan ein i denne aldersgruppen lese bøker på sitt nivå fort hvis ein er flink til å lese.
Ein eldre elev på 15-17 år, er ikkje nødvendigvis enda flinkare å lese på
grunn av alderen, men bøkene for aldersgruppen er større og innhaldet er vanskelegare. Var dette ei ulempe for eldre elevar? Resultatet (vinnarane var
15, 11 og 13) tydar ikkje på det. Men etter dei kom det mange 9-10
åringar. På den andre sida var 10 år den mest talrik alder i
konkurransen.
Fleire 17-åringar var
aktive, men nådde ikkje så høgt opp. 15 åringina som vant brukte langt meir
tid enn 13-åringa på 3. plass, men satsa på vanskelegare bøker.
Alder på aktive deltakarar
140 meldte seg på og 100
var aktive (meldte inn kva dei las innan fristen).
| Kommune | Eldste | Yngste | Gjennomsnitt |
| Stordal | 16 | 8 | 10 |
| Hareid | 18 | 6 | 10 |
| Haram | 19 | 7 | 12 |
Konkurransen varte 72 dagar.
I denne perioden las dei topp tre plasserte 93, 75 og 63 bøker. Bøkene
dei las stod i forhold til alderen eller over.
Lydboka Skammarteiknet på
288 sider tek 8 t. å høyre på som lydbok. Ved vanleg lesefart (for voksne?) på
250 ord pr. min., ville boka gå unna vel raskare - ca. 5 timar. I ein
fagartikkel om hurtiglesing er det antyda at "alle kan med litt trening og
bevisstgjøring [midtlinje-koordinering] komme opp i en lesehastighet på 1000 ord i minuttet". Då ville Skammarteiknet ta
under 2 timar. Det er rimeleg å
tru at dei mest engasjerte i lesekonkurransen
var i utgangspunktet godt ”trent” og las meir enn 250 ord pr. minutt.
Reaksjonar
|
Dei unge var interessert, sjølv under ein sjelden fin og lang sommar. I utgangspunktet
skulle deltakarane berre sende kode + isbn på sms eller mail, men andre
ting sneik seg i av og til. Eksempel frå Haram : (Kjempekjempebra bok
=O Ulv =) Hehe.. Alle burde lese den =) ) kode:1004 heeija Kjem til å sende en
e-mail til i kveld. På tide å registrere alt eg he lest som ikkje he
blitt registrert. Søv i 1 og en halv time i natt, las heile tida. =) Frå ei mor (mail): Frå ein deltakar: Frå ein far (på
avslutningsarrangement): |
|
|
Nokre
av dei 60 som kom for å møte Maria Parr og få diplom i |
Hyggelege biverknadar:
|
- Ein får eit godt
innblikk i kva dei unge sjølv vel å lese. |
|
|
|
|
-
Det blei laga diplom til alle som
deltok aktivt (100 av 140 påmeldte). -
Kommunane som kom på. 2. og 3.
plass laga og betalte for pokalen til vinnarkommunen (Stordal). -
Kommunane som deltok var glade for
at Stordal vann, på grunn av den kollektive innsatsen som denne kommunen
viste. -
Dei enkelte vinnarane fekk melding
som e-post, med beskjed om å ta kontakt med biblioteket. Det vart også sendt
eit Harry Potter-kort til vinnarane som
stadfesting på resultatet. -
Vinnaren av 1. plassen fekk to
billettar til A-ha konserten på Color Line Stadium i Ålesund. Ho valte
dette framfor bøker. -
Vinnaren av 2. plassen valte bøker
for kr. 800, nokså snart etter konkurransen -
Vinnaren av 3. plassen får bøker
for kr. 500, men har ikkje bestemte seg kva for bøker enda. -
Hareid fekk ikkje ei plassering,
men som alle biblioteka hadde avtalt, fekk den best plasserte i kommunen
ein tilsvarande premie. -
Utgiftene til 1. 2. og 3. premiane
skulle etter avtale delast mellom dei tre deltakande biblioteka, noko som
blei litt dyrt for ein kommune som ikkje fekk ei plassering. -
Haram og Hareid hadde i tillegg ein
konkurransepremie som var bestemt ved loddtrekkning blant aktive
deltakarar i kommunen som ikkje hadde vunne ein premie allereie. -
I alle kommunane var det
avslutningsarrangement. -
I Haram var det avslutning i form
av forfattarbesøk ved Maria Parr. -
Utgiftene til plakatar ( kr.
500) og diplom (totalt kr. 500) vart fordelt etter antal sendt til den
enkelte kommune. |
|
||
|
|
|
Avhengig av
arbeidssituasjonen i det enkelte bibliotek, er eit tiltak/arrangement som
dette ein del av biblioteket sitt arbeid. Bemanningsnivå, eksisterande
oppgåver og bruksnivå
vil virke inn på kapasiteten til å gjennomføre tiltaket. Biblioteket som administrerte tiltaket (Haram) har eit bemanningsnivået på 2,4 stillingar som betener 8733 personar. Dette er eit bemanningsnivå godt under gjennomsnittet, men dette er tilfellet for fleire kommunar i fylket. Planlegginga av
konkurransen og avslutningane vart gjort i arbeidstida – tilsvarande 1,5
arbeidsdag for Haram, kanskje noko mindre i Stordal og Hareid. Mykje av
grunnarbeidet er eventuelt gjort for fleire konkurransar. Oppdatering av
resultata vart gjort i fritida. Dei fleste innmeldingane kom om
ettermiddagen og kvelden. Ettersom deltakarane ser etter resultatet av
innsatsen sin, var det naturleg å oppdatere om kvelden. Dette tok
mellom 20. og 90 min. dagleg, men for ca. 4 av dagane tok det opp til 5
timar. |
|
|
To sportige nye lånarar
i Brattvåg, Vera (Russland) og Karina |
Forslag til forbetringar
1.
Sidetal må få større betydning
for poengdeling. Dette er for at dei eldste ungdomane kan stille like sterkt som
9-11 åringane. Det er viktig å få dei med i ein slik konkurranse. Det vil også
hindre misbruken av lettlese bøker og teikneseriar. Dersom konkurransen blir fulgt
opp, må ein ha eit meir fleksibel poengsystem, t.d. 1 poeng pr. 30 sider.
2.
Sjølv om det ikkje var eit problem, bør ein vere merksam på at
det skal vere bøker som vert lese ferdig etter startdatoen som blir
registrert,
3. Forfattarbesøk er ein hyggeleg måte å avslutte ein slik konkurranse på. Det er vanskeleg å få utgiftene til dette dekte gjennom Kultursekken. Kultursekken er berre for grunnskulen, fordi deltaking er forpliktande. Konkurransen var frivillig og foregjekk i skuleferien. Tiltaket var imidlertid reklamert for og mykje godt omtala i skulen. Forfattarbesøk var kunngjort offentleg, og nokre lærarar oppmoda elevane å møte opp.
1. Konkurransen var for unge personar som i utgangspunktet likar å lese. Dei stod heilt fritt i forhold til kva dei las, så lenge eit forlag utga boka. Ved å bruke internettabellar, førte konkurransen unge personar med den same interesse saman. Mange lurte på kven som skjulte seg bak brukarnamna. Forutan det som er nemnt over, trur arrangøren at konkurransen var vellykka fordi:
- Folkebiblioteka oppmoda lesing som
fritidsaktivitet. Bibliotek treng denne type lesar.
- Det å lese vart likestilt med andre organiserte fritidsaktivitetar gjennom konkurranse,
premiar og diplom.
- Konkurransen ga lesarar merksemda dei fortener i lokalpressa, på lik line med
andre ferdigheiter og prestasjonar.
- Konkurransen skapte blest om lesing.
2. Sommarles er verdt å ta
vare på som eit tiltak i Møre og Romsdal. Det er eit overkommeleg arbeid, og
sett i forhold til reaksjonane frå deltakarane og foreldra, absolutt verdt
innsatsen.
3. Det var lett å få
positivt publisitet.
4. Konkurransen var lesestimulerande.
5. Arbeidet med oppdatering av innsendte resultat bør delast mellom 2 personar pr. 100 aktive deltakarar, men lik fordeling er ikkje nødvendigvis nødvendig.
6. Å få elevar på vidaregåande årstrinn med i konkurransen var viktig. Likedan var det positivt å få unge som er glade i å lese til å møte kvarandre på tvers av alder og krins.
David Beadle
Haram folkebibliotek
20. oktober 2006