Informasjon om Sommarles '08
Datoar:
- Du kan melde deg på frå 12. juni og under heile konkurransen
- Bøker du har lese ferdig etter 18. juni kan meldast inn (sjå under).
- Fristen for å melde inn kva du har lese er 18. august kl. 12.00
Påmelding:
- Vi treng ditt namn, fødselsdato, brukarnamn/kallenamn (du kan t.d. lage eit anagram av namnet ditt)
- Ta dette til biblioteket og meld deg på ved skranken:
- Viss biblioteket er stengt eller du er bortreist, melde inn namn på kommune, ditt namn, fødselsdato og kallenamn på sms 41101516 eller sommarles08@hotmail.com
- Du får ein 4-sifra kode som du må notere viss du vil vinne noko!
Slik melder du i frå om kva du har lese/høyrt:
- Ta bøkene/lydbøkene til biblioteket, eller noter isbn+forfattar+tittel på bok/lydboka og ta informasjonen dit.
- Viss filialen din er stengt, eller viss du er bortreist i lengre tid, kan du i staden sende din kode+isbn+forfattar+tittel til 41101516 eller sommarles08@hotmail.com
- Følg deretter med tabellen!
Poeng:
- Poeng blir utrekna etter lengda på boka, nivå på boka i forhold til alder, illustrasjonar
- I Mangfaldsåret gir vi 33 % tillegg for å lese på eit framandspråk (eit språk du ikkje snakkar heime eller på skulen, eller norsk viss du kom til Noreg etter 01.01.2007).
Premiar:
- 1. august blir det trekt 6 deltakarpremiar (verdi kr. 300-1000) blant deltakarar som har fått poeng.
- Dei 10 første plassane blir premiert (verdi kr. 500-1000) når konkurransen sluttar kl. 12.00 18. august
- Kommunen med høgst deltakargjennomsnitt vinn ein pokal
- Mot slutten eller etter konkurransen blir det trekt ein eller fleire deltakarpremiar i kvar kommune blant dei med poeng
- Ein kan ikkje vinne meir enn ein premie
- Vinnarane kan velje kulturpremiar som bøker, lydbøker, konsertbillettar, billettar
til idrettsarrangement o.l., innan 1. juli 2009. Ta kontakt med biblioteket når du veit kva du vil ha eller treng hjelp med å velje.
Viktig informasjon:
- Konkurransen gjeld alle typar bøker, lydbøker
m.m. frå eit forlag i t.d. biblioteket, bokhandelen, gjennom bokklubbar, vennar m.m. som du ikkje har lese ferdig før 18. juni 2008.
- Du kan ikkje melde inn ei bok meir enn ein gang.
- Du kan melde inn ein tittel anten som bok, lydbok eller fil, men ikkje begge delane.
- Førebelse vinnarar kan bli stilt eit spørsmål om ei bok.
- Premievinnarar kan velje fritt mellom bøker og/eller billettar som er tilgjengelege.
- Biblioteket kan hjelpe premievinnarane med å finne det dei ønskjer.
- Biblioteket ditt kan ha andre opningstider om sommaren.
- Isbn er boka sitt identifikasjonsnummer (sidan 1971). Du finn det bak tittelsida eller på baksida av boka.
Tilbake til Sommarles