| Biblioteket stod ferdigstilt i august 1996 til ein kostnad av 30,62
million kroner. Bruksarealet
er på 6006 m2 fordelt på 3 etasjar. Kommunen fekk statleg tilskot til prosjektet. Bibliotekpersonalet karakteriserer bygget som
|
![]() |
Den tradisjonelle firkanta løysinga, som er typisk for mange
nyare bygg, er borte. Avdelingane som er plasserte på framsida av
bygget
har ein slakk bue som gjer dei spennade å vere i. Dette gjeld
spesielt den lokalhistoriske avdelinga, kaféen, som selger smørbrød
og
expresso for kr. 7, og ein vakker møtesal. Denne rapporten
omhandlar ikkje desse avdelingane.
Bildet under er frå ei utlånsavdeling i andre etasje. I
staden for ein lesesal er det mange lesekroker. Frå søylane
til høgre i bildet kan ein
sjå dei andre etasjane.
| Lokale kunstnarar har bidradd til utsmykkinga. Klokka til høgre
er ei av to laga av ein som har ur som sin store hobby. Under klokka er inngangen til utstillings/teater/konferanse-salen
Ein tek beskjedne innganspengar til arrangement som eit ledd
i
|
![]() |
Ved inngangen finn ein ein veldig grei etasjeplan.
Denne rapporten omhandlar tenester i den først etasjen földszint
(grunnivå).1.
emelet tilsvarar vår 2. etasje osv.
PERSONALET
Utlån og innlevering skjer ved servicepunkt 3 Kölcsönzés
av ikkje-fagkvalifisert personale, på bildet under.
Ein tilstøtande skranke tek seg av registrering, billettar og
orienteringar, verdisaker, kle, bagasje mm.
Fagkvalifisert personale er plasserte i alle avdelingar bak serviceskrankar
som har eit felles mønster. Men i tillegg,
ved inngangen til kvar etasje, er det eit informasjonspunkt Tájékoztatás,
henholdsvis 7, 16 og 24, på etasjeplanen,
der publikum får profesjonell rettleiing relevant til tenestene
i den aktuelle etasjen.
Statistikken nedanfor viser at det er ein heil stilling pr. 1019 innbuarar.
Av desse er rundt 77 % fagkvalifiserte
på lavare- eller høgare-grads universitetsnivå.
Servicepunkt 16 Áltálanos tájékoztatás
er eit profesjonelt servicepunkt på andre etasje (bilde under).
Her kan ein henvende om alt som har med bøker å gjere.
Fjernlånsbestillingar kan registrerast ved dette servicepunktet.
Det er verdt å merke seg at Ungarn arbeider
med ei lovendring til kulturlova. Dette er eit steg mot noko som kan
tilsvare det saumlause biblioteket. Biblioteket deltek
frivillig i ODR (National Documents Supply System), som koordinerer
fylkesbibliotek, universitetsbibliotek og
spesialbibliotek som er medlemmer, samt nasjonalbiblioteket. Sidan
biblioteket låner meir enn det mottek gjennom
ODR-systemet, blir dette kompensert for av staten.
Bildet over viser også servicepunkt 17 Katalógusok
Katalogane. Dette er plassert ved sidan av kort- og databasekatalogane
(under).
Som møblene forøvrig, er kortkatalogseksjonane lokalproduserte.
Sidan 1995 har katalogen vore ein elektronisk OPAC-katalog. Katalogen
er også tilgjengeleg på internettet.
Biblioteket har motteke statlege midlar til den retrospektive katalogisering.
Internettkatalogen er lagra i det integrert biblioteksystemet OLIB,
som tilsvarer Samkatalogen i Norge. Her i katalogavdelinga er det
fire terminalar for publikum.
AVDELINGANE SOM DENNE RAPPORTEN UTDYPER
Med utgangspunkt i etasjeplanen over, utdyper denne rapporten to avdelingar:
1. Avdeling 11 Belsõ udvárok består av to indre gårdsplassar:
|
Den eine er er knytt til Infoteket og er ein behageleg plass
På parasollane er det reklame for ein bank. |
![]() |
| Den andre gårdsplassen er knytt til barneavdelinga.
Her er det barn som leiker ein spørreleik med personale frå
barneavdelinga. Dei hoppar på nummer og får spørsmål
om t.d. personar i barnelitteraturen, om hjelpemiddel i biblioteket
|
![]() |
KECSKEMÉT BIBLIOTEK SETT I FORHOLD TIL SAMANLIKNBARE UNGARSKE
BIBLIOTEK
| KECSKEMÉT | SZEGED | BUDAPEST OSZK | |
| Innbuarar | 106000 | 158000 | 2.208000 |
| Tilvekst 1999 | 16902 | 16386 | 102890 |
| Driftutgifter 1999 | 171.787000 | 194.593000 | - |
| Areal med filialar | 8582 kvm | 8518 kvm | - |
| Høgskuleutdanna personale | 76 (av 104) | 87 | 443 |
| Tilsette pr. innbuar | 1 pr. 1019 | 1 pr. 1118 | 1 pr. 1489 |
| Registrerte brukarar | 27308 | 29975 | 28090 |
| Utlån pr. registrert brukar | 12,93 | 25,58* | 25,58* |
| Besøk | 248528 | 290828 | - |
| Arrangement | 184 | - | - |
| Årleg tilvekst alle medier | 16000 -18000 | 17000-19000 | - |
| Bestand alle medier 1999 | 443352 | 553192 | - |
| Bestand lydmedier 1999 | 26408 | - | - |
| Bestand bildemedier 1999 | 2109 | - | - |
| Bestand digitale medier 1999 | 1338 | - | - |
| Areal pr. 100 innbuarar | 8,13 | 3,82* | 3,82* |
| Areal pr. 100 registrerte brukarar | 31,43 | 28,10* | 28,10* |
| Utlån totalt 1999 | 353180 | 688724 | - |
| Utlån barn 1999 | 72753 | 117068 | - |
* Ungarsk gjennomsnitt
Biblioteksjefen kommenterer biblioteket sine fortrinn, samanlikna med andre tilsvarande bibliotek som følgjande: