Studiereise
til Kecskemét bibliotek
OPPSUMMERING
[ Heim
] [ Byen
Kecskemét i Ungarn ] [ Ein
ganke annleis økonomi ] [ Introduksjon
til Kecskemét bibliotek ] [ Barneavdelinga
Barnas Verd ] [ Infoteket
] [ Oppsummering
] [ Katona József Könyvtár
] [ Haram folkebibliotek ]
Denne rapporten har forsøkt å gi eit glimt av det ungarske
folkebibliotekvesenet ved å presentere eit større bibliotek
på bakgrunn av samanlikningar med to andre større bibliotek.
Biblioteket er presentert på ein generell måte, og to avdelingar
som er organisert på ein original måte er presentert i meir
detalj.
Studieturen har gitt følgjande inntrykk:
-
Kecskemét bibliotek held ein høg standard, også samanlikna
med norske forhold.
-
Biblioteket er godt organisert og den profesjonelle bemanninga, organisert
etter TQM-prinsipp (Total Kvalitetstyring) bør vere ei kjelde til
inspirasjon for norsk bibliotekleiing.
-
Den offentlege økonomien i Ungarn er redusert og nyinvestering i
landet er hovedsakleg privat.
-
Publikum må betale årskontingent for dei viktigaste bibliotektenestene,
men dette ser ikkje ut til å gå ut over bruken.
-
Biblioteket er initiativrikt på fleire plan, og må vere det
for å få midlar.
-
Barneavdelinga - Barnas Verd - innheld gode idéar som vil bli fulgt
opp i arbeidet med nytt hovedbibliotek i Haram kommune.
-
Infoteket er eit godt omgrep som set søkjelyset på informasjonstenesta
i eit bibliotek. Også her er det idéar som vil bli fulgt opp
i samband med nytt kombinert hovedbibliotek og Infotorg i Haram kommune.
-
Biblioteket står foran eit økonomisk problem på grunn
av behovet for fornying av IKT-utstyr.
-
Biblioteket har eit stort personale, som må reduserast i løpet
dei neste 5 åra i samband med ei nødvendig tilpassing til
lønsnivået i EU.