Midt på det ungarske slettelandet ligg byen Kecskemét.
Her bor 106000 av landets 10 million innbuarar, ein time frå Budapest,
Europas 7. største by etter Roma. Som i mange ungarske byar,
er midtpunktet av Kecskémet ein frodig firkanta park på størrelse
med Slottsparken. Rundt parken ligg imponerande og velstelte bygg som
daterer seg frå 1700-talet til tidleg 1900-talet. Mange
stilartar er representerte i byens arkitektur.
Kombinasjonen av sentralisert makt, nasjonalkjensle og relativt stor
rikdom på slutten av 1800-talet førte til godt planlagte bysentra
i landet.
Jugendstilen har ein viktig plass i mange ungarske byar, men spesielt
i Kecskemét for dette er heimstaden til Ödön Lechner.
For enkelte
er det nettopp Lechner som får ein til å beundre stilarten.
Han blei inspirert av kolonistilen i India, noko som gjer at stilen hans
har eit litt orientalsk preg.
![]() |
Bildet til venstre viser rådhuset i Kecskemét.
Bildet
|
Byens folkebibliotek blei bygd i 1996, og er ikkje ein del av dette
historiske miljøet. Det nye bibliotekbygget er likevel av stor arkitektonisk
interesse. Det ligg i eit av kvartala bak torget, men også her
er det rolege gågatar, av og til breie alléar under akasia-trær.
I dette miljøet
finn ein elegante telefonkioskar og postkasser som ein trur er tekniske
museumsgjenstandar, men her moderniserer ein det innvendige og
restaurer det utvendige. Det er nemleg i Ungarn at Europas eldste undergrunnsbane
ser ut som den gjorde på slutten av 1800-talet. Stasjonane
har dei opprinnelege flisbelagte murar, trepanel og messing-handtak,
men det er betryggande å vite at togsetta er blant dei mest teknisk
avanserte.
Kecskemét kan samanliknast med Stavanger med sine 108 000 innbuarar,
noko som kan gi eit grunnlag for samanlikning med norske forhold
i denne rapporten. Byane er fylkessentra og studentbyar. Begge har
næringsgrunnlag der lettindustri, transport og tenester dominerer.
Men Kecskemét er ikkje hamneby. Byen ligg 50 kilometer aust for
Donau. I staden for sjøen er byen omringa av eit hav av jordbruksåkrar
- vinrankar, solblomster, paprikaenger og saue- og
svinegårdar. Dette forklarer kvifor tekstil- og næringsmiddelindustrien
er godt representert her. Byen er elles kjent for likørane sine.
| Biblioteket sitt eigentlege namn er József
Katona Bibliotek. Ungarske bibliotek har ofte namn etter sine aristokratiske grunnleggarar eller lokale diktarar. József Katona er like betydeleg i Ungarn som Henrik Ibsen er i Norge, men hans fremste verk Bánk Bán er meir ei kjelde til nasjonal enn individuell medvit. Han vart fødd i Kecskemét i 1791 og dødde berre 39 år gamal i heimbyen sin. |
![]() |