
Opningstidene i jula
Av David, 14.12.11
- Biblioteket i Brattvåg har desse opningstidene i jula:
fredag. 23. desember : 12:00-15:00
tysdag. 27. desember : 12:00-15:00
torsdag. 29. desember : 15:00-18:00
fredag. 30. desember : 12:00-15:00
laurdag. 31. desember : 11:00-14:00
Avdelingane har desse siste opningsdagar før jul: torsdag 15. des. (Lepsøy, Fjørtoft), mandag 19. des. (Søvik), tysdag 20. des. (Haramsøy. Longva), fredag 23. des. (Vatne 12.00-17:00)
På nyåret opnar avdelingane mandag 2. jan. (Brattvåg), tysdag 3. jan. (Vatne), torsdag 5. jan. Lepsøy, Fjørtoft og Longva), fredag 6. jan. (Haramsøy).
Vi ønskjer alle brukarane våre ei hyggeleg jul og eit godt nytt år!
Ungdom med skrivelyst?
Av David, 22.11.2011

- Forfattar Øyvind Vågnes kjem med råd til ungdom med skrivelyst 3. desember i Brattvåg!
Forfattar Øyvind Vågnes frå Brattvåg kjem med råd til ungdom som vil prøve seg på å skrive skjønnlitterært - om inspirasjon, skriveteknikkar, arbeidsmåtar, og vegen mot publikasjon. Det vil vere råd å få vurdering av eige tekstar og oppfølgjing i etterkant. Staden blir biblioteket i Brattvåg laurdag 3. desember kl. 14.15 og kurset vil vare ca. to timar. Påmelding snarast og innan 27. november på bib@haram.folkebibl.no Vel møtt!!
Ny profilering
Av David, 12.10.2011

- Vi kan tilby stoffposar som viser fram vår nye regional logo!
Gradvis går vi over til å vise vår ny logo. Dette er ei regional satsing med Møre og Romsdal fylkesbibliotek i spissen. Desse lekre stoffposar er på veg ut til avdelingane våre og kostar 20 norske kroner kvar. Ta kontakt med oss om du vil bestille ein, eller vent til dei kjem til avdelinga di.
Eldre flyfoto over Haramsøy gjenopplasta
Av David, 18.09.11
- Biblioteket arbeider med å gjenopplaste flyfoto frå 1950- og 1960-talet av område i Haram med bebyggelse, og har no vore innom Haramsøy. Klikk på bildet for større format.
Vårt arbeid med å gjenopplaste over 700 flyfoto frå 1950- og 1960-talet av område i Haram med bebyggelse har passert gjennom Haramsøy. Her ser vi Ulla for femti år sidan, 23. august 1961. Haram har mange naturperler. For mange er Ulla den aller finaste. Heile Haramsøy finn du her.
Kåseri ved Knut Bergheim
Av David, 14.09.2011

- Knut Bergheim kom med ei samling kåseri, eller 'tullkorn' i vår. På fredag kan du møre han på biblioteket i Brattvåg kl. 18.00
«I gamle dagar drøymde vi om betre tider. Så kom betre tider, og no drøymer vi om gamle dagar. Vi står med begge beina planta i ei lysande framtid og lengtar etter det som var.» Gjennom kåseri, dikt og forteljingar fortel Bergheim om dei humoriske sidene ved kva det moderne mennesket er opptatt av: eit rynkefritt liv, telefonsalg, slurpematens tidsalder, kunst og kultur, drivhuseffekten, kvinnesak og fotball.
Innleveringsfristen for Sommarles er 2. september
Av David, 25.08.2011

- Du må levere inn lesepasset ditt innan 2. september for å vere med i loddtrekkinga!
Sommarens lesekonkurranse Sommarles varer til 31. august. For at alle i kommunen kan levere lesepasset sitt etter denne datoen, blir 2. september innleveringsfristen. Vi ser fram til å ta i mot mange lesepass og sjå kven som vinn premiar gjennom ei loddtrekking.
Første premien er ein iPod. Der er i tillegg premiar frå Bok og Papir og ID-huset, og alle får i det minste eit diplom!
Blogg kurs
Av David, 19.08.2011

- Vi arrangerer blogg kurs
Biblioteket arrangerer blogg kurs for tilsette og dei barnehagane biblioteket samarbeider med om barnehagebibliotek. Vi har ein blogg allereie, og gjennom denne ønskjer vi å sette fokus på språk og kommunikasjon gjennom bøker: http://barnehagebibliotekharam.blogspot.com/
Sommartid i biblioteket
Av David, 05.07.2011

- Sommaren er i gang!
Biblioteket i Brattvåg er ope heile sommaren. Vatne filial held ope fram til 12. juli, og opnar igjen 2. august. Avdelingane i Søvik og på Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft er no stengt, og opnar frå og med 18. august. Ta gjerne kontakt med ei anna avdeling når avdelinga di er stengt, så skal vi prøve å hjelpe deg. Vi ønskjer alle brukarane våre ei riktig god sommar!!
Ver med i Sommarles!
Av David, 22.06.2011

- Alle mellom 0 og 13 er hjarteleg velkomne til å delta i lesekonkurransen.
I sommar kan alle barn få eit lesepass frå biblioteket ved å hente sjølv eller få det tilsendt. Deltakarar kan lese sjølve, vere lese til eller høyre på bøker. Å lese om sommaren, når barn har meir tid, har mykje å seie for korleis det går neste skuleår.
Skriv bøkene inn i lesepasset og får dei stempla på biblioteket, og lever inn passet innan 31. august. Då er barnet med i trekninga av premiar som ein iPod og bokpremiar!
Polsk filmkveld
Av David, 04.05.11

- Biblioteket arrangerte ein filmkveld for den polske kolonien i Haram 3. mai, som er Polen sin grunnlovsdag.
I 2008 arrangerte biblioteket i samarbeid med frivillegsentralen to polske filmkveldar i samband med mangfaldsåret, og fleire slike kveldar har vore etterlyst. Den gangen fekk vi filmrullar frå Warszawa via amabassaden. No har biblioteket ein spesiell lisens frå Film og Kino, og kinoen har fått nytt utstyr.
Vi valte ein historisk komedie frå 1812, ein viktig periode i Polens historie, regissert av Oscar-regissøren Andrzej Wajda. Frivillegsentralen og bibliotektilsette serverte kaffi og kaker, og nokre av kinogåarane blei lenge igjen (bilde) for å diskutere m.a. forviklingane i filmen, som ein meiner har sine parallellar i dag.
Eldre nyheiter


Skift på skrift-Antall unike
besøkande per:
Warning: fread() [function.fread]: Length parameter must be greater than 0 in /web/haram.folkebibl.no/count.php3 on line 108
Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help