
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Først var det "Chick-lit", men no er det "bit-lit".
100 år etter Dracula, markerer Twilight-bøkene av Stephenie Meyer eit nytt høgdepunkt for vampyr- og dhampyrlitteraturen. Den nye bølgja begynte i 2000, når ein ser bort frå Anne Rice sin trilogi på 1990-talet.
I hennar første boka Evighetens kyss flyttar Isabella til faren, som er politisjef i solfattige Forks. Dermed fortsetter ho på ein ny vidaregåande skule. I klassen oppdagar ho Edward. Ho merkar at han er litt annleis, men han avvisar interessa hennar. Ho blir meir enn berre nysgjerrig på dei spesielle eigenskapane hans - m.a. er han telepatisk og har ikkje seng - ho blir forelska. Dessutan er Edward 17 år og har vore det i fleire år.
Ein mystisk kjærleik mellom den levande og den udaude utviklar seg, noko som medfører ei rekke farer for Isabella, som berre overnaturlege evner kan redde henne frå. Edward på si side må styre blodlysta si. Serien om kjærleiken mellom Bella og Edward, med noko attått, har solgt i 35 millionar eksemplar så langt, men har ikkje nemneverdige litterære kvalitetar.
Edward er ein kjekk type. Det er meir enn ein kan seie om forgjengarane. I 1818 solgte Mary Shelley sin Frankenstein i 5000 eksemplar dagen over heile Europa. Året etter kom The Vampire, som det hevdast at sjølvaste Lord Byron var forfattaren til. I 1897 kom altså Dracula av Bram Stoker, ein mykje dyrka skrekkfigur som får nytt liv kvar gang vampyrar blir aktualisert. Ikkje er Dracula berre udaudeleg, han er delvis basert på ein verkeleg person - prins Vlad Tepés av Walachia i dagens Transylvania.
I den nye vampyrbølgja finn vi Historikeren av Elizabeth Kostova (2005), ein spannade roman for alle over 15 år, basert på grundig etterforskning rundt nettopp Vlad Tepés. Når ein ser bort frå Lars Saabye Christensen sitt skodespel Dracula (2000) og ei barnebok, er det lite å finne av norsk opphav om uforklarlege hendingar om natta. Det har elles vore lite omsett. Fleire seriar er tilgjengeleg på ein enkel engelsk.
Blant desse er bokserien til amerikanske Charlaine Harris (2001-2009) om servetrisen Sookie og sin kjærast Bill, som ikkje kan rekne med blod på menyen. Tilsvarande urban fantasy bokseriar elles er Vampire kisses av Ellen Schreiber for barn og ungdom, House of night av P.C. Cast og Cassandra Palmer-serien av Karen Chance. Samtidig har russiske Sergeij Lukjanenko markert seg med ein serie for voksne. Filmen Night Watch er basert på den første boka og blei ein internasjonal suksess på linje med Underworld (2003).
Bøkene og filmane nemnt her er å finne i biblioteket, der dei spesielt interesserte vil finne eit vampyr-leksikon.
01.03.09
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Historiebøker får menn til å oppsøkje biblioteket. Eit tema som har vore ein gjengangar er den andre verdskrigen. Frigjering av arkivmateriale dei siste åra, ikkje minst i det tidlegare sosialistiske Aust-Europa, har ført til ein straum av bøker om historie. Antony Beevor har talmessig stått i spissen for desse, med bøker om beleiringa av Stalingrad, nederlaget i Berlin, kampen om Kreta, frigjeringa av Paris og den spanske borgarkrigen, i løpet av få år. Romerriket, store statsleiarar som Stalin, Lenin, Caesar og Mao, samt den første verdskrigen, er også populære tema. Skildringar av korleis den vanlege soldat (Zamoyski) eller borgar (vitne frå konsentrasjonsleirar) opplevde hendingane, har gjeve leseopplevingar som ein seint vil gløyme.
Bruken av intervju har vore nytta meir, inkludert skildringar av barn og ungdom sine opplevingar, ettersom tilgongen på vitne frå dei store omveltingane under den første halvdelen av 1900-talet blir færre. I tillegg har personlege brev og notatar vore meir brukte. Når ein tek i bruk autentiske kjelder, blir det ein skarp skilnad mellom fiksjon og verkelegheit. Frå ein vitenskapleg ståstad, kan populistiske bøker om faktiske historiske hendingar vere spekulative. Når ein først ha tilgong til nytt arkivmateriale, kunne det vere ønskjeleg med nye innfallsvinklar når det gjeld tema eller personar som ein har kunnskap om frå før.
I boka si om Berlin, byggjer Beevor opp om t.d. den allereie etablerte forestillinga om den russiske soldat som utøvde uvilkårleg vald mot sivilbefolkninga, der fyll og valdtekt var sentrale delar. For nokre kvinner var dette noko ein kunne og måtte snakke om for over femti år sidan. For andre, kunne ein ikkje snakke opent om det før tidleg på 90-talet. Forskjellen gjekk ikkje berre på om ein ville snakke om det eller ikkje. Det var på kva sida av jernteppet ein enda opp på som gjorde forskjellen. Dette er eit av mange ømtålege tema som vitenskaplege framstillingar ville ha omhandla på ein meir nyansert og forsiktig måte. Når det gjeld temaet i dette tilfellet, er det påvist svært ulike reaksjonar og svært ulik framferd blant russiske soldatar.
Bøker om historie kan derfor skrivast på mange måtar. Mange er både underhaldande og lange. Kvar og ein krev mange års etterforsking. Bøkene av Montefiore og Zamoyski og gode døme på det.
![]() |
![]() |
![]() |
Skammarserien og fantasiserien av Sigbjørn Mostue har fått hard konkurranse om å vere bøkene som best kan samanliknast med serien om Harry Potter. Dei same forlaga (på originalspråket og på norsk) som lanserte Harry Potter har store forventningar til serien om Septimus Heap. Serien handlar om familien Heap, trollmenn, hekser og dragar, samt magiske sjokoladebitar. Desse er humoristiske fantasi-bøker, men det er ikkje sikkert at stilen vil begeistre alle.
Forfattaren Angie Sage har også skreve under på ein filmkontrakt med eit leiande filmskap som ser etter noko å følgje opp den store interesse for Harry Potter med. Berre tre av sju bøker er ugitt så langt. To er oversatt til norsk og utgitt samtidig, noko som er sjeldent og betyr at forlaget har stor tru på den nye serien.
Harry Potter-bøkene og heile fantasi-genren har betydd mykje for lesing blant unge og unge voksne. Ein ønskjer derfor Septimus Heap velkomen. Biblioteket har dei to første bøkene på norsk og dei tre første på engelsk.
![]() |
![]() |
![]() |
Vi er i steinalderen. Ulveklanen sin unge Torak er sønderknust når han forstår at sin kjæraste flokkbror er på mystisk vis fanga av fiender under ein jakttur saman. Men kvifor ville menneske fange ein ulv i staden for å drepe han? Då han ikkje lenger har familie igjen i klanen, bestemmer han seg for å satse alt for å finne Ulv.
Utan å ville det med det første, blir Renn frå Ravnklanen med. Ho har eigenskapar som han ikkje har, mellom anna er ho ein ess med pil og bue, og dessutan er Torak viktigare for henne enn ho er villig til å innsjå.
Verda består av hav, is eller skog. Torak og Renn reagerer og utvekslar tankar på ein måte som vi kjenner. Lojalitet og sakn er det same for dei som for oss, men dei sansar og tolkar situasjonar ganske annleis. Ferden for å finne Ulv er dramatisk og fascinerande, og Torak og Renn må så tidleg som muleg tolke motiva bak handlingane til andre menneskeklanar og dyr.
Ved hjelp av bein, oljer og bær kjem det unge paret langt mot nord. Både dei og menneska dei møter, det vere seg fiende eller venn, er klar på kva det viktigaste er: Ein er fortapt hvis ein slepper onde ånder inn gjennom munnen og la dei ta sjela di. Derfor er sjamanen viktig. Men nokre sjamanar er mektigare og farlegare enn andre.
Her ligg kampen som er avgjerande for å gjenforeine seg med Ulv. Ulv for sin del veit ikkje om sin flokkbror Høge Halelaus vil klare å redde han, men han veit at han vil forsøke. Han håpar berre at han ikkje blir Ikkje-pust undervegs.
Sjel-eter er den tredje i serien om Ulvebror på norsk. Michelle Paver skal skrive seks bøker i serien. Nummer fire kjem ut i England i september. Bøkene er skreve for eldre barn og ungdom, men alle over vil ha glede av bøkene.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Utgangspunktet for desse lange moderne romanar er hendingar i middelalderen. Dokument, kart og symbolar må tolkast, helst før andre gjer det. Dei to første framstår som spesielt godt forska. Lesaren sitt igjen med nye kunnskapar og får spennande leseopplevingar.
Temaet i Labyrinten er forfølgjinga av Katarane tidleg på 1200-talet. Dette var eit kristent korstog mot kristne, og like dramatisk som forfølgjinga av jødane på midten av 1900-talet. Bakteppet frå middelalderen er nøyaktig i forhold til aktørar og hendingar, men bindeleddet med vår tid kunne ha vore meir overbevisande.
Ein får to gode forteljingar samtidig, men ein vil få utbytte av å ha eit godt kart over sørvest Frankrike for hand. Kate Mosse er engelsk.
For nokre kan det vere ein fordel å ikkje vite kva Historikeren handlar om før ein har komme langt ut i boka. På ein diskré måte gjer Drakula seg gjeldande i kulissane. Boka er smekkfull av interessante miljøskildringar og faktisk informasjon, men når vi minst aner det, skjer det noko lynkjapt. Boka har ein original, men effektiv konstruksjon. 1400-talet er det historiske utgangspunktet, men historia blir fortalt gjennom brev frå vår tid som gjenforteller innhaldet i etterlatte brev frå 1960-talet.
Historia er for det meste lagt til Oxford, Budapest, Istanbul, Bulgaria og naturlegvis Valakia, og stemninga ved stadene, kaféane og biblioteka er overbevisande. Elizabeth Kostova er amerikansk.
Den siste tempelridderen er for det meste lagt til vår tids USA, men Tempelriddarane har ein spesiell og mytisk plass i europeisk middelalderhistorie. Boka er meir ein tradisjonell spenningsroman, og gir ikkje så mykje innsikt i orderen. På den andre sida vil ein bli frista å finne ut meir på eige hand. Raymond Khoury er amerikansk, født i Libanon. I Det tause brorskap etterforsker italiensk politi ein brann
i katedralen i Torino, der verdas mest kjent og besøkte relikvie er bevart - Jesu likklede. Det betyr at ein følgjer fortellingar på tre tidsplan: Idag, korsfarartida og Jesu tid. Boka har vore enormt populær i Europa. Julia Navarro er spansk.
![]() |
![]() |
![]() |
| Ian Rankin -
Fossen Vinnar av den prestigeprega Crime Writers' Association Prize 2004. Forfattaren sine handlingar er lagt til Edinburgh. Andre eksempel på nyare gode krimforfattarar som skildrar andre sider ved populære storbyar er Jean-Cristophe Grangé / Paris og Donna Leon / Venezia |
Hanne Ørstavik - Presten Vinnar av Brageprisen 2004 for "sjeldent konsekvent og konsistent forfatterskap" .."[hun]går til litteraturen med stor dybde og en kompromissløs vilje til alvor" |
Elfriede Jelinek - Die Klavierspielerin vinnar av Nobelprisen i litteratur 2004 for unvanleg lingvistisk iver gjennom stemmer og understemmer som gjer narr av samfunnet sin bruk av klisjéar. Ein ser på Pianolærerinnen som den austerriske forfattaren sitt hovedverk. Biblioteket sitt eksemplar er på originalspråket. |
Dette er hovedtittelen på hovedoppgåva i historie til Torbjørn Nedregotten Akslen ved Universitetet i Bergen, som biblioteket no har eit eksemplar av. Undertittelen er "en komparativ analyse av befolkningens innflyttelse ved etableringen av allmueskolen i Haram og Vanylven 1736-1760."
Akslen har brukt Haram prestegjeld som eit av to eksempel for å illustrere korleis bondesamfunnet fekk overlatt ansvaret (under eineveldet) for opprettinga av eit offentleg skulevesen. Det er plakaten av 5. mai 1741 som opna for ei ny retning i det lokale styresettet, og eit frampeik mot det lokale
sjølvstyre som kom med formannskapslovene i 1837. Allmugeskulen blei etablert i Haram i vinteren 1742/43 med 2 lærarar. Soknepresten vart utvalt som han som gjennom embetet sitt best kunne hald oppsikt over etableringa og drifta. Aklsen skriv om korleis dette fungerte med omsyn til leseferdigheit, økonomi og lokalpolitiske forhold. Dette blir sett i eit
regionalt perspektiv og vi kan lese korleis skulen blei motteke i Haram. Minst like interessant er skildringa av det lokale sjølvstyret rundt dette.
I det kjende muséet Louvre blir eit lik funne på merkeleg vis, saman med ein lapp med nokre forvirrande siffer. Ekspertane finn fellestrekk mellom Isaac Newton, Boticelli, Leonardo da Vinci, Victor Hugo og den avdøde direktør, men blir sjølve etterfulgt av politiet. Dette er utgangspunktet for ei oppsiktsvekkande og lærerik reise gjennom mindre kjende og aksepterte sider ved Vestens historie og kulturarv.
Dette er ingrediensane for alle med sans for eit godt eventyr..
Millionar av eksemplar av boka er solgt verda rundt, og har vore tidsvis vanskeleg å få kjøpt. Romanen har 459 sider.| Engelsk - ungdom | Engelsk - ungdom | Engelsk - voksne | Engelsk - barn og ungdom |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| C.J. Sansom - Dissolution |
Jacqueline Wilson - Lola Rose |
Patrick O'Brian - Master and commander |
J.K. Rowling - Harry Potter and the Order of the Phoenix |
| Fransk spenning - voksne | Italiensk - voksne | Spansk - voksne | Fransk dokumentar - voksne |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Jean-Christophe Grangé - L'Empire des loups |
Margaret Mazzantini - Non ti muovere |
Ángeles Masretta - Arráncame la vida |
Carmen Bin Ladin - Le voile déchiré |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
| Robert Wilson - I selskap med fremmede |
Håkan Nesser - Førstebetjenten og tausheten |
P. D. James - Mordrommet |
Åke Edwardson - Seil av stein |
Tori er født i 1936, hun er enebarn og odelsjente på gården Lande utenfor Sandefjord. Toris foreldre er sterkt knyttet til gården, og forventningene til datteren er store. Tori selv stiller sine egne krav til omgivelsene, og i det øyeblikket hun møter Halldor Gislason, vet hun hva hun vil. Odel er en roman om mennesker med sterke bånd til bygda og til gården de hører til på. Anne Karin Elstad forteller om slektsstolthet og om bondesamfunnets konservative holdninger som har gjort seg gjeldende i generasjoner. Samtidig er dette en fortelling om kjærlighet, sorg og forventninger. Elstad skriver troverdig og usentimentalt om menneskene slik de lever sine liv. Med sin særegne fortellerevne skildrer hun deres virkelighet, og hun gjør det med klok innlevelse.
Mine rapporter fra Bagdad, er mine rapporter. De er forstått i lys av mitt eget, sikkert ikke tilstrekkelige, erfaringsgrunnlag.
Ein debutroman med eit presist og stilsikkert språk i grenselandet mellom roman og novellesamling. Korleis lever minna vidare i oss? Inger og bror hennar veks opp i ei bygd saman med ein alkoholisert far og ei mor som til slutt ikkje vil meir. Ho reiser frå dei. Faren, derimot, veit ikkje korleis han skal leve sitt eige liv. Og til slutt tek han det. Han druknar i bilen etter å ha køyrd av vegen. Med denne hendinga lever familien vidare. Mor treng å vere for seg sjølv, og reiser til ei øy ved irskekysten. Inger og broren flyttar inn til byen, møter andre, finn kjærleiken, og mistar han. Broren legg ut på eigne reiser, mellom anna til Europa, Vietnam, USA. Men heile tida ligg fortida like under overflata. For minna om faren formar dei som er att. Men er dei avgjerande? Er det dei som til slutt seier kven Inger og broren er? Ingen skal sove i natt er ein roman om menneska og minna deira, og om korleis det er mogleg å velje sitt eige liv.Øyvind Vågnes (f. 1972) er stipendiat ved engelsk institutt ved Universitetet i Bergen. Ingen skal sove i natt er debutboka hans.

Skift på skrift-Antall unike
besøkande per 01.01.06:
Warning: fread() [function.fread]: Length parameter must be greater than 0 in /web/haram.folkebibl.no/count.php3 on line 108
Write error, contact info@mustalweb.co.uk for help